Frå teori til metode

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet presenterer ei rekke sentrale kulturteoriar som er relevante for kulturvitskap. Studentane skal sette seg inn i desse teoriane og kunne kritisk vurdere dei, og kunne greie ut om korleis dei kan nyttast i forsking. Undervisninga gir studentane grunnlag til å forstå og velge ut kulturteoriar som kan nyttast i ei rekke forskingskontekstar, og koble dei til metodar nytta i faget. Studentane vil utvikle kritiske evalueringsferdigheiter gjennom presentasjonar av og diskusjonar om kjernelesing i seminara.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har ekspertise på ei rekke kulturteoriar og korleis dei vert nytta metodisk.
  • kan basere vala sine på kulturvitskaplege tilnærmingar i arbeidet med empirisk materiale.
  • kan plassere kulturteoriar i breiare humanistiske kunnskapstradisjonar.
  • har god kunnskap om ulike fagtradisjonar i kulturvitskap.

Ferdigheiter

Studenten

  • kjenner til og kan diskutere ulike definisjonar av kultur og relaterte omgrep.
  • kan bruke kulturteori til å analysere eit empirisk materiale.
  • kan kritisk diskutere kulturteoriar og presentere grunna vurderingar av dei, både skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan forstå og tolke teoretiske tilnærmingar og korleis dei vert nytta i forsking.
  • kan formidle eigen kunnskap skriftleg og munnleg.

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

300-nivå

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til eit masterprogram ved det humanistiske fakultet ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar eller seminar. Undervisninga går føre seg i heile semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

På seminara skal kvar student presentere to tekstar på to ulike seminar (ein tekst pr seminar) som deretter skal diskuterast av resten av gruppa. Presentasjonen vil bestå av ei oppsummering av tekstens sentrale teoriar og metodar, og studentens eigen kritiske analyse av teksten. Ein skriftleg versjon av kvar presentasjon (om lag 750 ord per presentasjon) skal leggjast ut i Mitt UiB. 

Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei var godkjende.

Vurderingsformer

Eitt døgns heimeeksamen (utlevering av oppgåve kl. 9 den eine dagen, innlevering av oppgåve neste dag kl. 13).

Studenten vert tildelt eit tilfeldig tal mellom 1 og 8. Talet viser til ein teori som det har vore undervist i, og talet vil avgjere temaet studentane må skrive om på heimeeksamen. Studentane skal i svaret vise til relevante tekstar i litteraturlista, og til diskusjonar i førelesingar og seminar, avslutta med eigne kritiske vurderingar av temaet. Oppgåva skal vere på om lag 1500 ord.

Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust / vår
Litteraturliste

Litteraturlista er på om lag 1200 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap