Skeiv teori med internasjonal digital studentutveksling
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- KVIK113
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet har som mål å gi studentane djupnekunnskap om den historiske, sosiale og kulturelle relevansen av skeiv teori i ein internasjonal kontekst.
Studentane skal samarbeide om ei rekke oppgåver eller case. Samarbeidet skal munne ut i eit objekt (film, podcast, fotoessay, intervju, eller liknande) som skal kunne integrerast i eit tenkt Bergen-internasjonalt skeivt arkiv eller ein kampanje knytt til ei aktuell problemstilling. Arbeidet med objektet skal danne utgangspunkt for den einskilde student sitt refleksjonsessay.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- kjenner til sentrale tekstar og tema om skeiv teori og transteori.
- har kunnskap om korleis normative strukturar formar individuell og kollektiv forståing av seg sjølv og andre i ein global kontekst.
- har kunnskap om korleis kjønn og seksualitet strukturerer både samfunn og individuelle liv.
- Forstår korleis ulike maktstrukturar (som rase, klasse, kjønn, seksualitet, språk, alder, religion, og funksjonalitet) verkar saman i konstitueringa av individ og samfunn.
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere korleis normativitet, og særleg heteronormativitet, er verksam i ulike kulturelle uttrykk.
- kan reflektere kritisk over politiske og kulturelle kontekstar for skeiv teori.
- kan ta i bruk skeive perspektiv for å undersøke eigne oppfatningar.
- kan reflektere over moglegheiter for å skape endring.
- kan utvikle metodar for kritisk refleksjon over omgrep og fenomen som er kopla til mangfold.
Generell kompetanse
Studenten
- kan samarbeide med andre for å løyse oppgåver og utvikle internasjonalt relevant kunnskap
- kan tenke kritisk og kreativt om aktuelle samfunnsutfordringar
- kan bruke ulike digitale verktøy for tileigning og formidling av kunnskap
- har utvikla etisk følsamheit og forståing for globale forskjellar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeids- og undervisningsformer er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid og seminar. Studentane møtest normalt til førelesing, seminar og digital oppgåveløysing i tre timar i veka (to timar digitalt saman med internasjonale studentar, og ein time offline med studentar i Bergen).
Førelesningane legg til rette for studentaktivitet, til dømes i form av problembasert læring, der studentane må reflektere og utvikle løysningar i fellesskap.
I samband med seminarundervisning vil det bli høve til å gi og få tilbakemelding på studentaktivitetar.
I tillegg til den regulære undervisinga er det forventa at studentane arbeider i internasjonale grupper digitalt, for å utvikle produkt som kan inngå i eit tenkt internasjonalt skeivt arkiv.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform: Mappe.
Eksamen er ei mappe beståande av
1) eit produkt tiltenkt eit imaginært internasjonalt skeivt arkiv eller ein kampanje knytt til ei aktuell problemstilling. Produktet blir utarbeidd i grupper.
2) eit individuelt refleksjonsessay på cirka 3000 ord, der den einskilde student reflekterer over det innleverte produktet og arbeidet med det, i lys av teoretiske tekstar på pensum.
Mappa får ein samla karakter, som i hovudsak er basert på den essayistiske refleksjonen over produktet i lys av pensum.