Fleirspråklegheit i klasserommet

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet har som mål å bygge vidare på allereie gjennomførte språkemne i studiet og styrke studentane sin språkkunnskap frå ulike teoretiske perspektiv.

Om innhald:

Studentane skal kunne ta i bruk metaspråk for å beskrive strukturar i enkeltspråk og samanlikne språk med kvarandre. Emnet skal vidare gi studentane innsikt i ulike teoriar om språkkontakt og fleirspråklegheit. Dette inneber kunnskap om korleis språk påverkar kvarandre og utviklar seg over tid og i ulike kontekstar, og korleis fleirspråklegheit kan brukast som ein ressurs for den enkelte, i språkfaga i skolen og i samfunnet.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • Har brei kunnskap om metaspråk brukt for å beskrive språkstrukturar og språkfunksjonar
  • Har kunnskap om særtrekk ved sitt fag 1 språk
  • Har kunnskap om korleis språkkontakt påverkar utvikling av språk, med særleg vekt på ungdomsspråk
  • Har kunnskap om ulike teoriar om fleirspråklegheit
  • Har kunnskap om forsking og utvikling knytt til fleirspråklegheit som ressurs i språkundervisning og språklæring

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan anvende metaspråk for å analysere trekk i eige framandspråk
  • Kan anvende metaspråk for å samanlikne sitt fag 1 språk med andre språk, med særleg vekt på andre språkfag i skolen.
  • Kan analysere og drøfte ulike typar tekstar (til dømes litterære og populærkulturelle tekstar) som reflekterer språkkontakt
  • Kan nytte eigen fleirspråklegheit som ressurs i eiga og andre si språklæring
  • Kan uttrykke seg munnleg og skriftleg på målspråket og kan bruke fagomgrep knytt til temaet for emnet.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan orientere seg i faglitteratur på ulike språk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust, normalt femte semester i lektorutdanninga.

Undervisningssted

Bergen. I hovudsak på campus, men delar av undervisninga kan vere digital etter behov.
Anbefalte forkunnskaper
Bestått fagdidaktikk i lektorutdanninga fag 1.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studentar på femte semester som er tekne opp i lektorutdanning for framandspråk (engelsk, fransk, spansk, tysk). Andre studentar kan og få opptak til emnet etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer
Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktiv læring, til dømes analyse av tekstar og oppgåveløysing saman med ein eller fleire medstudentar. Undervisninga omfattar og fellesførelesingar og seminarundervisning i språkdelte grupper.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har tre obligatoriske arbeidskrav. Nærare retningslinjer for desse blir gitt i studiet.

Det er obligatorisk frammøte på minst 80% av undervisninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Eksamensmappe samansett av minimum to tekstar som samanlagt representerer både munnleg og skriftleg språkproduksjon på målspråket.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Av litteraturen vil rundt halvparten vere felles tekstar der størstedelen er på norsk og nokre er engelskspråklege, medan rundt halvparten av kurslitteraturen er på framandspråket.

Lista gir òg eit oversyn over ulike former for digitale læringsressursar og verktøy som skal brukast.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for lektorprogrammet i framandspråk
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.