Latin: Romersk poesi 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet omfattar lesing av eit utval latinske poetiske tekstar. Det vert gjeve ei innføring i latinsk metrikk med vekt på versemåla i dei dikta som vert gjennomgådde. Studentane får eit oversyn over mytologi knytt til tekstane dei les og auka kjennskap til antikk litteraturhistorie.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten har

  • auka kjennskap til latinsk poetisk språkbruk, mytologi og metrikk
  • innsikt i det romerske samfunnet og litteratur

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • lese latinske tekstar på eiga hand med bruk av ordbok
  • identifisere former og analysere setningar på latin ved hjelp av grammatikk.
  • identifisere og analysere latinsk metrikk ut frå forfattarar på pensum
  • gjere greie for viktige romerske forfattarar og romersk mytologi

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
  • arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
Latinkunnskapar tilsvarande fullført LAT102.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar over delar av pensum, med serleg innføring i metrikk og språkhistorie.

Om lag 52 timar (to dobbelttimar i veka).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Munnleg prøve, der kandidaten skal lese, omsetje og analysere metriske tekstar frå pensum og svare på spørsmål med utgangspunkt i tekstane og frå pensum elles.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum er til saman på omlag 45 sider latinske poetiske tekstar (30 liner = 1 side), lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår systematiske framstellingar av latinsk metrikk og oversyn over romersk religionshistorie og mytologi.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret for klassisk
Emneansvarlig
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium