Temabasert bacheloroppgåve i språkvitskap
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- LING255
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk; engelsk ved behov.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet skal gi studentane djupare innsikt i lingvistiske metodar og problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei bacheloroppgåve.
Instituttet tilbyr fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Studiet omfattar område innanfor lingvistikk, og må godkjennast av rettleiar.
Fordjupingstema vil veksle frå semester til semester, avhengig av tilgjengelege rettleiarar. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbode i forkant av semesteret.
Emnet gir tilgang til ei spesialisering i lingvistikk.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten kan:
- sjølvstendig utvikle, avgrense og formulere fruktbare lingvistiske problemstillingar innan temaet
- gjengi sentrale teoriar innan tematikken til bacheloroppgava ut fra forskningslitteraturen.
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- analysere og kritisk vurdere ulike data, metodar og informasjonskjelder og nytte dei til å strukturere og formulere språkvitskaplege resonnement
- uttrykke resonnementa sine om eit språkvitskapleg tema skriftleg i form av ei bacheloroppgåve
- bruke tekstelement som t.d. eksempel, figurar og tabellar i samsvar med vanleg praksis i lingvistiske fag
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- gjennomføre ein sjølvstendig, avgrensa språkvitskapleg studie under rettleiing
- analysere og formulere språkvitskaplege problemstillingar, metodar og resultat
- resonnere, syntetisere og dokumentere faglege framstillingar
- formidle eit sjølvstendig arbeid og meistre språkvitskaplege uttrykksformer
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
EXFAC00SK og dei obligatoriske lingvistiske emna på 100-nivå er sterkt anbefalte forkunnskaper.
Studiepoengsreduksjon
LING251: 10 stp.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Rettleiing av bacheloroppgave. Forelesingar med innleiing til språkvitskapleg skriving.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Ein arbeidsplan skal leggast fram for rettleiar to veker etter ordinær undervisingsstart.
- Studenten skal gi ein munnleg presentasjon av tema for bacheloroppgåva.
- Eit nærast fullstendig utkast skal leggast fram for rettleiar seinast 4 veker før innlevering.
- Rettleiar kan innkalle til eit møte etter kvar innlevering.
Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret
Vurderingsformer
Rettleidd bacheloroppgåve (omlag 3000-4000 ord) over oppgjeve emne. Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Det skal leggast opp til eit pensum som tilsvarar 5-10 forskingsartiklar og bakgrunnslitteratur i samråd med rettleiar. Omfang er omlag 500 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
All faglitteratur, data og vitskaplege metodar og verktøy er tillatne.
Programansvarlig
Programstyret for språkvitskap
Emneansvarlig
Programstyret for språkvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium