Statistikk for språk- og kognisjonsforskning

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal gi studentane ei innføring i hypoteseprøving innan språk- og kognisjonsvitskap. Emnet gir eit grunnlag til forståing av statistisk hypoteseformulering, forsøksplanlegging, og analyse av resultat med statistiske testar. Emnet gir ei forståing for normalfordeling, z-verdiar og parametriske og ikkje-parametriske testar. Studentane vil bli kjende med omgrep som varians, standardavvik, sentralmål, statistisk signifikans, relevans, og type I- og II-feil.

Studentane skal kunne lese og evaluere vitskapleg litteratur med statistisk argumentasjon. Dei skal kunne grunnlaget for evaluering av statistisk signifikans og relevans. Undervisninga er lagd opp sånn at studentane skal sjå korleis statistikk er relevant for språkvitskap og kognisjonsvitskap ved hjelp av relevante eksempel. Dei skal òg kunne velje ein riktig statistisk test og utføre analysen ved hjelp av eit eigna statistikkprogram, t.d. R.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar om...

  • statistiske teknikkar og modellar
  • god praksis for statistisk analyse av eksperimentelle data innan språkvitskap og kognitiv vitskap
  • teoriar og konvensjonar innan statistisk analyse
  • ulike måtar til å formidle statistiske resultat best mogeleg
  • analytiske modellar.

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • bruke statistisk programvare, til dømes R
  • bruke teoriar og konvensjonar til å skape analysemodellar
  • rapportere statistiske resultat korrekt i tekst og grafar.

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • jobbe sjølvstendig med eit empirisk materiale
  • velje korrekte testar for enklare eksperimentdesign
  • ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar
  • sette inn statistisk analyse i ein relevant fagleg samanheng
  • forberede eksperimentelle design som er eigna for statistisk analyse.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
God forståing av grunnleggjande matematikk.
Studiepoengsreduksjon
DASP106, DASP302, DASPSTAT, KOGSTAT: 5 studiepoeng.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesninger, sjølvstudium og øving ved datamaskin med statistikkprogram.

Undervisning innehold forelesninger med eksempel innan språk som forskingsfelt og demonstrasjon av korleis data vert formaterte og automatisk prosesserte med hjelp av statistikkprogram. Aktiv deltaking er ein føresetnad for emnet. Fordjuping og eksemplifisering skjer gjennom øvingar på datamaskin, der studenten skal få ei praktisk forståing for statistisk prosessering. Det er ikkje ein føresetnad at alle moment i målsetjingane skal verte dekte av førelesningar og seminar; eit visst mål av sjølvstudium vert forventa gjennom lesing av pensumlitteratur og aktiv deltaking på øvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne ta eksamen må studentane ha gjennomført og bestått 80% av dei (opp til 7) obligatoriske oppgåvene. Informasjon om oppgåvene og prosedyrar/fristar for innlevering vert kunngjort på Mitt UiB.
Vurderingsformer

Sluttvurdering i form av ein skriftleg skuleeksamen på 3 timar.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensum på omlag 350 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Programansvarlig
Programstyret for språkvitskap
Emneansvarlig
Programstyret for språkvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium