Praksis i arbeidslivet for litteraturstudentar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- LITTPRA
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Praksisemnet er eit emne for studentar i allmenn litteraturvitskap på 200-nivå. Emnet tilbyr studentane praksisopphald i verksemder/institusjonar som er relevante for utdanninga i allmenn litteraturvitskap. Praksisperioden utgjer ei 50%-stilling over 12 veker (om lag 225 timar) og blir gjennomført mellom januar og april.
Studentane har praksis i verksemder som er godkjende av universitetet, der dei får erfaring med å bruke litteraturvitskapleg kompetanse i reelle arbeidssituasjonar. Studentane deltek aktivt i arbeidsoppgåver som samsvarer med den faglege kompetansen deira og verksemda sine behov. Desse oppgåvene blir spesifiserte i ein eigen avtale mellom student, universitet og praksisstad.
Studentane vil få individuelle samtalar og rettleiing i forkant av utplasseringa.
Praksisopphaldet skal auke studentane si forståing for litteraturvitskapen sin relevans og nytteverdi i arbeidslivet, gjere dei kjende med ulike yrkesroller og arbeidsmoglegheiter, og gi praktisk erfaring med å omsetje fagkunnskap til konkrete arbeidsoppgåver. Målet er å styrkje studentane si evne til å reflektere over eigen fagleg identitet og yrkesrolle.
Sjå informasjon om emnet og dei ulike praksisstadane her: www.uib.no/lle/180605/littpra-praksis-i-arbeidslivet-litteraturstudenter
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om korleis fagkunnskap frå allmenn litteraturvitskap kan nyttast innan ulike arbeidssektorar og i forskjellige yrkesroller
- har innsikt i korleis relevante verksemder organiserer arbeidet sitt, og forstår korleis faglege problemstillingar blir handterte i praksis.
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagkunnskap og analytiske ferdigheiter i praktiske arbeidssituasjonar.
- kan reflektere kritisk over samspelet mellom faget litteraturvitskap og yrkespraksis.
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisere litteraturfaglege innsikter og erfaringar tydeleg og målretta til ulike målgrupper.
- kan analysere og drøfte fagets relevans og bruksområde skriftleg og munnleg, med utgangspunkt i eiga praksiserfaring og relevant faglitteratur.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet har eit eige opptak, og har eit avgrensa tal på plassar. Ved fleire kvalifiserte søkjarar enn plassar, vil studentar på bachelorprogrammet i allmenn litteraturvitskap bli prioriterte.
Ein søker gjennom eit digitalt skjema her: skjemaker.app.uib.no/view.php?id=20173537
Opptak skjer på grunnlag av ein kort søknad (1 side). Søknaden skal innehalde ein motivasjonstekst som blir vurdert saman med karakterar, studieprogresjon og eventuell arbeidserfaring. Tre ønskte arbeidsstadar skal setjast opp i prioritert rekkefølge, og søknaden skal fortelje kvifor studenten har valt desse arbeidsstadane. Aktuelle studentar blir intervjua av faglærar der innhaldet i søknaden blir utdjupa.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten må ha oppfylt følgjande arbeidskrav:
- Oppmøte på minst 80 % i både praksis og undervisning.
- Deltaking på to praksiskonferanser på campus med fokus på erfaringsdeling og refleksjon over forholdet mellom fag og arbeidsliv.
- innlevering av utkast til praksisrapport, med tilbakemeldingar frå medstudentar (kollegarettleiing).
- Innlevering av portefølje: Studentane samlar døme på arbeid dei har utført i løpet av praksisperioden (kombinert med kritiske refleksjonar over desse), som så skal leverast inn som ein portefølje. Dette gir eit godt bilete av både fagleg og praktisk kompetanse oppnådd gjennom praksis, og er nyttig for studenten i ettertid.
Vurderingsformer
Praksisrapport.
Lengde: 3000-4000 ord.