Praksis i logopedi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Praksis skal medverke til oppøving av kliniske ferdigheiter, og skal hjelpe til at studenten vert i stand til å integrere teoretisk kunnskap med praktisk, klinisk arbeid. Studentane skal også forstå og kunne bruke prinsippa for evidensbasert praksis. Praksis er delt i éin sekvens med innføringspraksis og éin sekvens med fordjupingspraksis. Målet med innføringspraksis er at studenten skal gjere seg kjend med logopediske arbeidsmetodar. Innføringspraksis skal òg knyte band mellom teori og praksis. I fordjupingspraksis skal studenten sjølv utøve logopedisk arbeid under rettleiing.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskap:

- kjenne til organiseringa av og ansvarsfordelinga i det spesialpedagogiske hjelpeapparatet

- kjenne til logopeden sin rolle og posisjon i helsevesenet og organiseringa av helsetenestene i Noreg

- kjenne til lovar og forordningar som regulerer arbeid med barn og vaksne som har kommunikasjonsvanskar

- vere fortruleg med yrkesetiske retningslinjer for logopedisk arbeid

- kunne gjere greie for sentrale prinsipp for evidensbasert praksis i logopedi

- ha gode kunnskapar om kartleggingsinstrument og adekvate arbeidsmodellar for klinisk logopedisk arbeid med born og vaksne

Ferdigheiter:

- kunne forstå og drøfte innhaldet i ei tilvising eller ei epikrise

- kunne gjennomføre eit klinisk kartleggingsintervju, eventuelt med anamneseopptak

- kunne vurdere og velje ut relevante kartleggingsinstrument basert på tilvising og intervju

- kunne planlegge tiltak på grunnlag av resultat frå kartlegging

- kunne gi ei adekvat tolking av resultat frå testing og kartlegging

- kunne skrive formelle rapportar med fokus på tiltak og oppfølging

- kunne formidle testresultat og tolkingar på ein formålstenleg måte til ulike målgrupper

- kunne bruke prinsippa for evidensbasert praksis, og systematisk vurdere vitskaplege arbeid

- kunne anvende reglar for god kjeldebruk

- kunne formidle fagstoff i samsvar med etablerte retningslinjer for forskingsformidling, som hovudregel APA-retningslinjene (siste utgåve)

Generell kompetanse:

- kunne drøfte påverknaden ulike miljøfaktorar kan ha på gjennomføring av tiltak

- kjenne til dei relevante tilvisingsinstansane, og prosedyrane for vidare tilvising

- ha erfaring med arbeid med både born og vaksne

- vise forståing for logopeden si rolle i tverrfaglege grupper ved helse-, omsorgs- eller utdanningsinstitusjonar

- kunne diskutere relevante yrkesetiske problemstillingar, og innrette eiga yrkesutøving etter desse

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår (oppstart første gong hausten 2014)

Krav til forkunnskaper

LOGO310-innføring i logopedi og LOGO320- logopediske særemner

Studiepoengsreduksjon

Ikke aktuelt

Krav til studierett

Må være tatt opp til Masterprogram i logopedi

Arbeids- og undervisningsformer

Praksis i logopedi er sett saman av tre modular. Det er studenten sitt personlege ansvar å dokumentere at alle delane av praksis er gjennomførde.

Del 1: Innføringspraksis (modul 1 og 2)

Innføringspraksis vert gjennomført i 1. - 3. semester på studiet, og består av to modular: fagleg forum (1. og 2. semester) og påhøyspraksis, samt oppgave om evidensbasert praksis (3. semester).

Modul 1: Fagleg forum

Fagleg forum vert normalt gjennomført i form av samlingar i 1. til 4. semester, med obligatorisk oppmøte 1. og 2. semester. Tema for samlingane vil vere særskilt kliniske problemstillingar og ulike kliniske kasus. Undervisningsomfanget over to år er på totalt 16 timar.

Modul 2: Påhøyrspraksis

I påhøyrspraksis vert studentane delt i mindre grupper der dei får ei innføring i kasusmateriale og arbeidsprosedyrar innanfor den logopediske yrkesutøvinga. Gruppene får rettleiing av éin eller fleire erfarne logopedar. Omfanget av påhøyrspraksis er på om lag 60 timar på ulike logopediske arbeidsplassar (inkl. TVEPS).

Oppgåve om evidensbasert praksis: Forelesingar, seminar og/eller gruppearbeid i eit omfang av om lag 10 timar. Studentane må i tillegg rekne med å lese og analysere 3-4 artiklar, samt lese om lag 100 sider litteratur.

Del 2. Fordjupingspraksis (modul 3)

Fordjupingspraksis vert avvikla i 4. semester, normalt innanfor ein samanhengande periode på åtte til ti veker. Studenten skal få erfaring med vanlege problemstillingar og arbeidsmetodar for logopedar. Det er ei målsetjing at studenten i stigande grad skal verte røynd i sjølvstendig arbeid som logoped. Studenten vil i fordjupingspraksisen vere knytt til to vanlege logopediske arbeidsfelt. Aktuelle rettleiarar skal ha minst to års erfaring. Omfanget av fordjupingspraksisen er på om lag 240 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske arbeidskrav:

  • 1. og 2. semester:

    • OBL1: Deltaking (80%) på fagleg forum
  • 3. semester:

    • OBL2: Deltaking (80%) i påhøyrspraksis
    • OBL3: Oppgåve om evidensbasert praksis med øving i APA-standarden i henhold til eigne retningslinjer
  • 4. semester:

    • OBL4: Deltaking (80%) i fordjupningspraksis
    • OBL5: Refleksjonsnotat frå fagleg forum, påhøyrspraksis og fordjupningspraksis (8-10 sider frå kvar modul)
    • OBL6: Ein anonymisert logopedisk rapportar frå saker studenten har arbeidd med i samband med praksis

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjend før studenten kan få vurdering i emnet. Dersom emnet blir vurdert til Ikkje bestått, vil dei obligatoriske arbeidskrava ikkje lenger være gyldige.

Vurderingsformer

Vurderingsform: Praksis

  • Vurdering av deltaking i praksis vert gjort av rettleiarar i praksis. Rettleiarane skal vurdere studenten sine evner til god kommunikasjon, generelle framferd i praksisperioden, kliniske ferdigheiter, og kvaliteten på skriftlege arbeid som er utforma i samband med praksis.
  • Vurdering av studenten sin faglege refleksjon over erfaringar frå praksis vert gjort av fagleg ansvarleg ved UiB.

Karakteren (bestått/ikkje bestått) vert fastsett på grunnlag av ei samla vurdering av punkta over.

Antall forsøk: 2. Studentar som får ikkje greidd på emnet har høve til å ta emnet på nytt éin gong til

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Tilrådd litteratur

Emneevaluering

Studentane skal evaluere emnet i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarlig

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Administrativt ansvarlig

Institutt for klinisk og biologisk psykologi