Vidareutdanning i ultralyd av muskelskjelett
Masteremne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MANTULT667
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet har som hensikt å utdanna og trena autorisert helsepersonell til å bruka og forstå diagnostisk ultralyd av muskelskjelettapparatet. Etter gjennomført kurs skal studenten forstå ultralydanatomi og kunne framstilla kvalitativt gode ultralydbilete av over- og underekstremitetar som deretter blir tolka saman med den kliniske undersøkinga og utgjera ei fullstendig diagnostisk undersøking. Studenten skal kunna bruka og vidareutvikla kunnskap og ferdigheiter i ein klinisk kvardag. Emnet vektlegg tverrfagleg læring og samarbeid, og har som mål å styrkja diagnostisk presisjon, pasienttryggleik og effektiv ressursbruk i primærhelsetenesta.
Innhald:
• Innføring i ultralydfysikk
• Korrekt bruk av ultralydapparatet og forståing for snittbilete og romtenking ut frå dei todimensjonale bileta
• Bruk av anerkjende algoritmar for framstilling av ultralydbilete i over- og underekstremitetar.
• Demonstrera normalanatomi i over- og underekstremitetar
• Oppdage/ kjenna igjen patologi i over- og underekstremitetar på ultralydbileta.
• Formulering av gode journalrapportar frå biletopptak.
• Formidling av funn til pasientar og samarbeidspartnarar på ein etisk og profesjonell måte.
• Studentbasert rettleiing i grupper
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Etter gjennomført emne har studenten dei følgjande kunnskapane, ferdigheitene og generelle kunnskapane.
Studenten:
• har avansert kunnskap om prinsipp for muskelskjelettultralyd og kan kritisk analysera og vurdera tolkingar av ultralydfunn i lys av oppdatert forsking og litteratur
• har inngåande og integrert forståing av relevant anatomi for å kunna identifisera patologi i musklar, sener, ledd, nervar og bein i over- og underekstremitetar ved bruk av ultralyd
• har grundig kunnskap om juridiske, etiske og profesjonelle rammer for bruk av ultralyd i primærhelsetenesta, inkludert informasjonsplikt, dokumentasjon og samarbeid med anna helsepersonell
• har avansert kunnskap om muskelskjelettplager og tilstandar som eignar seg for ultralyddiagnostikk, og kan vurdera dei diagnostiske nytta og avgrensingane til metoden i forhold til andre biletmodalitetar
Ferdigheter:
Studenten:
• kan planleggja, gjennomføra og kritisk vurdera systematiske ultralydundersøkingar av normal anatomi i øvre og nedre ekstremitetar
• kan produsera ultralydbilete av høg kvalitet gjennom korrekt apparatinnstilling og teknisk presisjon
• kan identifisera normale og patologiske funn, formulera diagnostiske hypotesar og grunngi val av vidare tiltak
kan analysera og evaluera eigne ultralydbilete med tanke på artefakt, biletforvrengingar og tekniske feil, og forklara årsaker og moglege forbetringar
• kan kommunisera ultralydfunn presist, reflektert og etisk forsvarleg til pasientar og anna helsepersonell, både munnleg og skriftleg
Generell kompetanse
Studenten:
• kan bruka avansert kunnskap om normalitet og patologi til å utvikla og grunngi diagnostiske hypotesar og behandlingsstrategiar
• kan kritisk reflektera over eiga fagutøving og demonstrera sjølvstendig vurderingsevne i tolking og bruk av ultralyd i klinisk praksis
• kan utvikla, bruka og kritisk evaluera undersøkingsprotokollar for utvalde muskelskjelettregionar, og tilpassa desse i tråd med gjeldande forsking og retningslinjer
• kan bidra til fagutvikling og kvalitetssikring av ultralydbruk i primærhelsetenesta gjennom systematisk refleksjon, samarbeid og kunnskapsdeling
• kan samarbeida tverrfagleg for å sikra forsvarleg diagnostikk, pasientflyt og pasienttryggleik ved bruk av ultralydkunnskapar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Emnet er retta mot fagpersonar som arbeider med undersøking, diagnostikk og behandling av pasientar med muskel- og skjelettplager. Deltakarane må ha solid kunnskap om anatomi og klinisk resonnering, og arbeida i ein praksis der ultralyd er, eller kan bli, eit relevant verktøy i pasientvurdering og behandlingsplanlegging.
Det er krav om minimum to års relevant yrkeserfaring etter fullført grunnutdanning før oppstart av emnet. Aktuelle deltakarar kan vera manuellterapeutar, fysioterapeutar, legar, kiropraktorar og andre autoriserte helseprofesjonar som arbeider innanfor muskelskjelettfeltet.
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Fullført minimum relevant bachelor, og minimum 2 års arbeidserfaring.
Vår målgruppe er først og fremst legar, manuellterapeutar, kiropraktorar, fysioterapeutar og naprapatar (og tilsvarande)
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga nyttar ein kombinasjon av forelesingar, seminar, gruppearbeid og praktiske ultralydlaboratorium, der studentane aktivt trenar på å framstilla, analysera og tolka ultralydbilete.
Mellom samlingane arbeider studentane individuelt og i læringsgrupper med mappearbeid, refleksjonsnotat, tverrfagleg protokollutvikling og dokumentasjon av kliniske ultralydundersøkingar.
Undervisningsformene legg vekt på studentaktivitet, kritisk refleksjon og fagleg utvikling, og inkluderer løpande tilbakemelding frå undervisarar og medstudentar.
Totalt utgjer arbeids- og læringsaktivitetane om lag 600 timar fordelte over to semester.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Vurderingsform:
Vurderinga er todelt, og består av ein praktisk eksamen og ei mappeinnlevering
Praktisk individuell eksamen (30 min)
Læringsutbyttekategori: Ferdigheiter
Spesifikt læringsutbytte: Framstilla og analysera ultralydbilete av høg kvalitet, inkludert identifisering av normal anatomi og patologi.
Vekting: 40 %
Mappeinnleveringa skal innehalda følgjande:
Refleksjonsnotat 1: Etikk og kommunikasjon ved bruk av ultralyd i klinisk praksis (750 ord)
Læringsutbyttekategori: Kunnskapar
Spesifikt læringsutbytte: Reflektera kritisk over ultralydfunn, prinsipp og etiske/juridiske rammer.
Refleksjonsnotat 2: Eiga læring og profesjonell utvikling i bruk av ultralyd (750 ord)
Læringsutbyttekategori: Generell kompetanse
Spesifikt læringsutbytte: Reflektera over eiga læring og profesjonell utvikling i bruk av ultralyd.
Rapport frå tverrfagleg protokollutvikling (1000-1500 ord)
Læringsutbyttekategori: Kunnskapar
Spesifikt læringsutbytte: Forstå muskelskjelettplager, diagnostiske avgrensingar og tverrfagleg protokollutvikling.
Gruppering - logg/refleksjon frå alle gruppemøte
Minimum 6 ultralydundersøkingar av pasientar, dokumentert med biletopptak, og skriftleg rapport for kvar undersøking som er gjennomført på kursdeltakaren sin arbeidsplass. Desse skal hentast frå kasuistikkar studenten har presentert i gruppene gjennom studiet, der studenten viser utvikling i sonografisk ferdigheit, kritisk vurdering og fagleg grunngiving
Vekting: 60 %