Algebraisk geometri III
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- MAT327
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Engelsk ved behov.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet er ei innføring i knippekohomologi, samt algebraiske kurver og flater innanfor algebraisk geometri.
Innhald:
Emnet gir ein innføring i teorien for knippekohomologi brukt på skjemaer, til dømes Cech-kohomologi og Serre dualitet, samt grunnleggjande teori om algebraiske kurver, som Riemann-Roch teoremet, Riemann-Hurwitz teoremet, Cliffords teorem, embeddingar i projektive rom, og om algebraiske flater, som interseksjonsteori, Riemann-Roch-teoremet og oppblåsingar.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan definere og nytte grunnleggjande omgrep og konstruksjonar og kjenner viktige resultat i algebraisk geometri knytta til knippekohomologi, algebraiske kurver og flater, samt morfismar mellom desse
- kan analysere skjema og morfismar ved hjelp av knippekohomologi
- kan framstelle hovedideane i provene for dei viktigaste resultata knytta til omgrepa ovanfor.
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte dei fundamentale verktøy som er viktige i mange problem i moderne algebraisk geometri
- er i stand til å produsere korte prov for utsegn i algebraisk geometri
- har solid røynsle og trening i å resonnere med abstrakte matematiske strukturar
Generell kompetanse
Studenten
- er i stand til å lese ein forskningsartikkel i algebraisk geometri uavhengig (med litt innsats)
- er i stand til å følgje introduksjonen i eit forskningsseminar i algebraisk geometri
- er i stand til å følgje eit seminar i algebraisk geometri retta mot eit breiddt publikum