Introduksjon til innovasjon og entreprenørskap i Media City Bergen

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gir ei innføring i innovasjons- og entreprenørskapsteori og praktisk metodearbeid. Studentane utviklar stegvis ein forretningsmodell som blir grunnlaget for nye brukarsentrerte konsept. Studentane lærer både teoretiske og bransjenære tankemåtar og metodar for innovasjon og entreprenørskap, og får praktisk erfaring med deltakarbasert design, konseptutvikling og konseptformidling. Faglærarane kjem både frå forskingsmiljøet og bransjeaktørane i og rundt Media City Bergen.

Mediefeltet er særleg interessant i eit innovasjons- og entreprenørskapsperspektiv. Feltet blei tidleg hardt råka av disruptive krefter som digitalisering og globalisering, og har lenge vore tvungne til å tenkje nytt og omstille seg. I medieklynga Media City Bergen legg ein vekt på å fremje innovasjon både innan utdanning, forsking og næringsliv, men alle organisasjonar og bedrifter på tvers av alle sektorar i samfunnet opplever i dag eit press på å vere nytenkjande samstundes som ein meistrar endring.

Læringsutbytte

Studentane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten:

  • kan gjere greie for omgrep innan innovasjonsteori og metodar, og entreprenørskap.
  • kan gjere greie for omgrep innan deltakarbasert design, etnografiske metodar og brukarsentrert design.
  • kan gjere greie for rolla innovasjon, entreprenørskap og konseptutvikling har i mediefeltet og i samfunnet.
  • kan gjere greie for rolla immaterialrett har i innovasjon.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan planleggje, gjennomføre, formidle og evaluere eit konsept som er utvikla i samarbeid med bransjepartnarar som involverer brukarar.
  • kan identifisere behov og moglegheiter for innovasjon i og utanfor organisasjonar.
  • kan vurdere kvalitet, innovasjonspotensial og levedyktigheit for eit konsept.
  • kan utvikle, formidle og evaluere sin forretningsmodell.

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan formidle teoriar og metodar for innovasjon og entreprenørskap både skriftleg, munnleg og gjennom eigen praksis.
  • kan formidle teoriar og metodar for etnografiske metodar og deltakarbasert design både skriftleg, munnleg og gjennom eigen praksis.
  • kjenner til forskings-, utviklings- og innovasjonsarbeid innan mediefeltet, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet.
  • kan formidle innovasjonskompetanse både skriftleg, munnleg og gjennom eigen praksis.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust - Uregelmessig

Undervisningssted

UiB
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Kurset har 50 plasser. Påmeldingen skjer til det er fullt eller til kursstart 15. januar.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og workshops
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i workshops (minimum 80%).

Gruppepresentasjon av konsept.

Obligatoriske arbeidskrav er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Gruppeoppgåve, praktisk komponent (teller 40 %). Skriftleg individuell oppgåve, som kan være en gitt oppgåve eller en refleksjonsoppgave knytt til gruppeoppgåva, 3000 ord (+/- 10%) (teller 60%)

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.