Tolvte semester Vestlandslegen Stavanger
Masteremne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- MEDSTAV12-A
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
I dette semesteret vektlegges det at studentane skal integrere kunnskap frå alle fag og fagområder frå dei foregåande semestra. Studentane skal kunne utrede og behandle dei vanlegaste sjukdomane og dei viktigste akuttmedisinske tilstandane. På bakgrunn av tidligare tilegna kunnskap, ferdigheiter og haldningar, skal studentane sjølv kunne gjere ei klinisk undersøking, planlegge ytterligare utredning og legge opp behandling, oppfølging og rehabilitering.
Studentane skal kunne mestra førstehjelp ved livstrugande sjukdomar og alvorlege skader. Studentane skal kunne planlegge og iverksette førebyggjande tiltak, gjera etiske vurderingar ved samansette problemstillingar, og samarbeide på tvers av helsetenesta og med andre yrkesgrupper til beste for pasienter.
Semester er avsluttende for 6-årig profesjonsstudium i medisin som består av 360 studiepoeng og gir graden cand. med. Sluttkompetansen er definert gjennom Forskrift om nasjonal retningslinje for medisinutdanning - Lovdata.
Læringsutbytte
Generelt
Aktuelt semester har følgjande læringsutbytte for studentar:
Kunnskap
Studenten kan/skal:
- ha avansert kunnskap om korleis utrede og behandle dei viktigste sjukdomstilstandar hos barn, ungdom, vaksne og eldre på alle nivå i helsetenesta innan dei tema som inngår i medisinstudiet
- ha avansert kunnskap om kva for tilstander som skal behandlast i primærhelsetenesta og kva som visast til spesialisthelsetenesta
- på basis av anamnese og klinisk undersøking, velgje relevante prøvar og undersøkingar
- ha bred kunnskap om prinsipp for formidling av klinisk informasjon til pasient og pårørande
- vera fortrolig med rutinar for praktisk, klinisk arbeid og relevant bruk av IT
- ha bred innsikt i at det kan vera ei psykisk påkjenning for pasienter/ pårørande dersom dei må ta avgjersler på mulig sviktande grunnlag
- prinsipp for å dela dårlige nyheiter med alvorleg sjuke pasienter og deira pårørande
- ha kunnskap om betydninga av empati og det å sjå pasientane /pårørande si psykososiale situasjon ved krevande kliniske situasjonar
- foreslå behandling og grunngje val av ulik medikamentell og kirurgisk behandling, med påfølgjande kontroll
- kjenna til prinsippa for medikamentelle interaksjonar og bivirkningar
- kjenna til risiko ved prosedyrar og kirurgiske inngrep
- ha bred kunnskap om prinsippa for god kommunikasjon og samhandling mellom ulike avdelingar innan ein organisasjon og mellom ulike deler av helsetenesta
Ferdigheiter
Studenten kan:
- utreda, diagnostisera og behandla dei vanlegaste sjukdomane og akutte tilstander i primær- og spesialisthelsetenesta innan emne som inngår i medisinstudiet
- håndtera alvorlege akuttsituasjonar på ein systematisk måte
- gje tilpassa pasientinformasjon før, under og etter behandling
- bruka prinsippa for formidling av klinisk informasjon til pasientar/pårørande
- forutsjå og førebu seg på kommunikative utfordringar i møte med pasientar og pårørande
- kunne bruka kolleger til å bearbeida krevjande kliniske erfaringar
- forstå kompleksiteten i vanlege sjukdomsbilder
- utvikle ferdigheiter til betre samhandling og kommunikasjon innan eigen profesjon, mellom ulike profesjonar og mellom helsearbeidarar og ulike deler av helsetenesta
- utvikle ferdigheiter ift. tverrfagleg teamarbeid i behandling av akutt sjuke/alvorleg sjuke pasientar
- forstå dei krav som samfunnet stiller til legar, og forholda seg profesjonelt (personleg, etisk, og juridisk) ved mistanke om at feil er gjort, informere om feilen på en empatisk og etisk korrekt måte, og beklage feil der det er på sin plass
- kunne vita når ein trenger ny fagleg kunnskap og korleis denne hentast inn
- bruka prinsippa for god kommunikasjon mellom ulike avdelingar innan ein organisasjon og mellom nivåa i helsetenesta
- jobba målretta med pasientsikkerheit og kvalitetsbetring
Generell kompetanse
Studenten kan:
- gjera ei fullstendig og sjølvstendig undersøking av einkvar pasient (sjukehistorie og klinisk undersøking) og systematisera pasientinformasjonen
- forstå betydninga og bruken av begrepa sensitivitet, spesifisitet og prediktive verdiar ved diagnostikk
- gjera etiske vurderingar, inkl. kostnytte vurdering, på individnivå og samfunnsnivå ved bruk av diagnostikk og differensialdiagnoser
- vurdere pasientar med eit samansett klinisk bilde med tanke på å prioritera enkeltkomponentar med tanke på vidare diagnostikk og behandling
- forstå betydningen av samanhenger mellom ulike deler av det samansette kliniske bildet, og i kommunikasjon med pasient/pårørande
- gje avansert førstehjelp til pasientar med livstrugande sjukdomar og/eller skader
- ha bred kunnskap om korleis prioritera mellom dei ulike behandlingstilbuda
- kjenne til viktige kontraindikasjonar, bivirkningar og interaksjonar ved vanlige behandlingsformer
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Fullført MEDSTAVOPPG2">MEDSTAVOPPG2
Oppnådd alle elektive studiepoeng i utdanningsplanen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det vert hovedsakleg plenumsforelesningar med integrerte fagdagar.
Undervisningen preges av primærhelsetjenestefokus og integrerte fagdager og tematikk. Ulike fagelement vil inngå i mykje ulik undervisning og ikkje nødvendigvis som separate undervisningsøkter.
Integrerte fagdager er tildelt 24,1 studiepoeng fordelt mellom ulike fagmiljø på studiet (indremedisin, kirurgi, psykiatri, onkologi, allmennmedisin, samfunnsmedisin, pediatri, gynekologi og obstetrikk, øre-nese-hals, hud, øye og nevrologi).
Det blir omlag 6-7 timar pr veke vil bli avsett til eigenarbeid og førebuing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Avsluttande eksamen består av tre element som inngår i ein felles heilhetlig vurdering:
Stasjonseksamen, OSKE12 (OSCE - Objective structured clinical examination) som er en stasjonseksamen der studentane blir testet i praktiske prosedyrer, undersøkingsteknikk, laboratorietester, konsultasjons- og kommunikasjonsferdigheter og andre element som ikkje kan vurderast gjennom skriftlege oppgaver.
Digital skriftlig eksamen (6 timar) som skal teste studentane sine kunnskaper, evne til klinisk resonnement og refleksjon samt integrasjon mellom ulike fag og fagområder.
Felles nasjonal avsluttande skriftleg deleksamen i medisin som testar kunnskap og klinisk resonnement gjennom oppgåver i MCQ-formatet (Multiple Choice Questions).
Begge lokale eksamenar blir vurdert til bestått/ikkje-bestått og dersom ein student har ikkje-bestått på ein av deleksamener blir det gjort ei heilhetlig vurdering av om RETHOS sine læringsmål er nådd basert på presentasjoner i begge lokale eksamenar der resultatet vurderast med lik vekting mellom eksamener. Felles avsluttende nasjonal deleksamen graderes med bestått/ikkje bestått, og må beståast for å bestå emnet.