Sjuande semester Vestlandslegen Stavanger
Masteremne
- Studiepoeng
- 27
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MEDSTAV7-A
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Kunnskap
- Avansert kunnskap om symptom, funn, diagnostikk og behandling av dei viktigaste sjukdomane og skadane innanfor indremedisinske og kirurgiske faga
- Kunnskap om kva slags pasientar som kan behandlast utanfor sjukehus og kva for nokre pasientar som skal visast vidare til spesialisthelsetenesta
- Kunnskap om spesialundersøkingar og prosedyrar knytt til diagnostikk og behandling av dei viktigaste sjukdomane og skadane innanfor dei indremedisinske og kirurgiske faga
- Kunnskap om moglegheiter og tiltak for rehabilitering av pasientar med sjukdomar innanfor dei indremedisinske og kirurgiske fag
- Avansert kunnskap om verknadsmekanismar, inkludert lokale og generelle biverknader av dei vanlegaste medikamenta som vert nytta ved behandling av dei viktigaste sjukdomane og skadane innanfor dei indremedisinske og kirurgiske faga
- Kunnskap om korleis ein, basert på systematisk journalopptak (klinisk evaluering) stiller diagnose/differensialdiagnose og lagar plan for utgreiing og behandling av individuelle pasientar
- Kunnskap om grunnleggjande farmakologiske prinsipp til bruk i medikamentell behandling av vanlege sjukdomar i studieåret
- Kunnskap om indikasjonar, kontraindikasjonar og dei vanlegaste komplikasjonane til vanlege undersøkingar og prosedyrar for fagområda i studieåret
- Har innsikt i kjerneverdiane for allmennmedisin og allmennpraksis samt dei vanlege allmennmedisinske arbeidsteknikkane
- Kjenne til førekomst, kontaktsymptom og allmennlegens diagnostiske prosess for vanlege symptom og tilstandar innan fagområde undervist i same tidsrom
- Kunnskap om organisering av samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta
Ferdigheit
Studenten:
- Kan anvende fagleg kunnskap om, og under supervisjon utføre målretta anamneseopptak og fullstendig klinisk undersøking for å kunne vurdere sjukdom innanfor, fagområda i studieåret
- Kan sjølvstendig utføre ei målretta klinisk undersøking av pasientar og oppdage patologi som kan bekrefte/avkrefte mistanke om alvorleg sjukdom og kreft som ledd i indremedisinsk og kirurgisk utredning
- Kan ta omsyn til multimorbiditet i diagnostisering og tiltaksplanlegging med hovudvekt på akutte tiltak
- Initiere og delta i fagleg samhandling med andre personalgrupper inkludert kommunisere godt med ulike nivå i helsetenesta
- Kan anvende fagleg kunnskap for å kartleggje, vurdere og gi eigna smerte- og symptomlindrande tiltak i samarbeid med pasienten og andre profesjonar
- Presentere medisinsk informasjon strukturert , logisk og poengtert i ein profesjonell samanheng, samt empatisk og kunnskapsfremjande til pasientar og pårørande andre
Generell kompetanse
Studenten:
- Stiller seg på en fagleg korrekt og empatisk måte til menneske med sjukdom
- Forstår den praktiske tydinga av ulike symptom og utfall knytt til sjukdom
- Har innsikt i organiseringa av helsevesenet og lage gode samarbeidsrelasjonar til andre yrkesgrupper
- Har innsikt i pasientrettigheiter
- Forstå dei grunnleggande forskjellane i legearbeid i primær- og spesialisthelsetenesta, og innsikt i allmennlegen sin delte forvaltning- og behandlarrolle
- Opptrer profesjonelt, og med respekt, i relasjon til pasientar og pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
- Har innsikt i, og utviklar haldningar som skapar kontakt, tryggleik og tillit i lege-pasient forhaldet
- Kan korrigere kliniske ferdigheiter og åtferd basert på tilbakemelding samt gi konstruktiv tilbakemelding til andre
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Det vil bli nytta vurderingsmappe i Mitt UiB med vurderingselement frå undervisning, praksisvurderingar og ferdigheitstrening. Mappe kan og innehalde oppgåver frå observasjonspraksis og kasusbeskrivingar frå heile emnet. Aktuelle vurderingselement er MCQ, observasjon av studentens kommunikasjon og kliniske ferdigheiter (t.d. Mini-CEX), og kort- eller langsvarsoppgåver. Det vil bli lagt inn vurderingspunkt i alle fag og obligatoriske vurderingspunkt i alle fag må vere godkjend før sluttvurdering.
Dersom praksisperioden er vurdert til "ikkje godkjent"/ "ikkje bestått", må heile praksisperioden bli gjennomført på nytt. Får ein student vurdert same praksisperiode til "ikkje godkjent"/ "ikkje bestått" to gonger, vert studieretten inndregen, jf. Det medisinske fakultet sitt utfyllande reglement til UiB sin forskrift § 8-1 (3).