Vitenskapeleg metode og delinga av erfaring
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- METMAU660
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet skal sette studenten i stand til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid (masteroppgåve). Studenten skal gjennom kurset få kjennskap til ulike type forskingsdesign og forståing for ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Dei skal kunne vurdere forskingslitteratur kritisk og analytisk og kunne gjere forskingsetiske vurderingar av ulike forskingsdesign. Studenten skal vidare fordjupe seg i ein vald forskingsmetodisk retning, og vere i stand til å gjennomføre og drøfte innsamling og analyse av materiale i tråd med denne retninga.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse
Kunnskapar
Studenten
- har god kunnskap om ulike vitskapsteoretiske paradigme og forklaringsmodellar
- har djup kunnskap om kvalitative og kvantitative metodetradisjonar, og deira ulike krav til kva som er gyldig kunnskap
- har grundig kunnskap om forskingsetiske problemstillingar ved praksisorientert forsking
- har inngåande kunnskap om ulike metodar for datainnsamling og analyse innan praksisorientert forsking
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge og sette opp eit forskingsdesign innafor anten ei kvantitativ eller kvalitativ metodetradisjon
- kan diskutere og gjere greie for den teoretiske forankringa til den metodetilnærminga dei vel å fordjupe seg i
- kan orientere seg i høve til forskingsetiske retningsliner og prosedyrar
Generell kompetanse
Studenten:
- kan kritisk vurdere og diskutere forskingsresultat opp i mot forskingsdesign
- kan diskutere og vurdere forskinga si verdi i utdanningssystemet
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Studentane må ha bestått minimum 30 studiepoeng før ein byrjar på emnet
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Må vere tatt opp på masterprogrammet Master i erfaringsbasert undervising
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er organisert omkring 3 samlingar à to dagar. I desse samlingane møter studenten førelesingar og seminarundervisning. I seminarundervisninga blir det lagt vekt på studentaktive arbeidsmåtar som til dømes diskusjonsgrupper og gruppeoppgåver. Utanom samlingane får studenten obligatoriske heimeoppgåver. Kvar student får tilbod om 3 timar individuell rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande aktivitetar er obligatoriske:
- 2 heimeoppgåver mellom samlingane.
- Førebuing til og deltaking på samlingane.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet benyttes karakterskalaen A-F
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
.
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet