Medier, demokrati og marknad
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- MEVI231
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Dette fordjupingsemnet presenterer teoretiske, kritiske og analytiske perspektiver om tradisjonelle og nyare medieinstitusjonar og -aktørar. Emnet tek for seg medieplattformer og deira sentrale rolle som forum for ei fungerande offentlegheit i moderne, liberale demokrati. Media tilbyr i dag nye tenester, inklusive kunstig intelligens, nye tilbod, og nye forretningsmodellar. Redaksjonsstyrte massemedium som vender seg mot eit breitt publikum er utfordra av globale nettverk. I dette emnet tek me for oss desse omfattande endringane. Me drøftar kva konsekvensar dei kan ha for medieverksomheter og -bransjer, samt for mediepolitikk og mediepolitiske tiltak. Emnet tematiserer og analyserer den aktuelle mediesituasjonen, og gir eit kunnskapsgrunnlag for at studentane kan gå inn i ulike yrkesroller i det nye medielandskapet
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten...
- har oppdatert kunnskap om det nasjonale og internasjonale medielandskapet
- har kunnskap om medieinstitusjonar rolla si i demokratiske samfunn, og korleis redaktørstyrt medieverksemd er utfordra
Ferdigheter
Studenten...
- kan reflektera over endringar på mediefeltet, og korleis politiske, sosiale, kulturelle og økonomiske forhold påverkar medie- og samfunnsutviklinga
- kan diskutera og analysera sentrale trekk ved medieutviklinga og problemstillingar mediebedrifter og -institusjonar står overfor i dag
Generell kompetanse
Studenten...
- kan bruka historisk innsikt, teoretiske og analytiske perspektiv for å forstå samfunnsendringar og funksjonen til media si rolle i moderne samfunn
- har analytisk kompetanse i høve til problemstillingar mediebransjen står overfor som følgje av digitalisering, internasjonal konkurranse og individualiserande forretningsmodellar
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Krav til studierett
Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning blir gitt i form av forelesninger og seminarer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjend seminaroppgåve og -deltaking (80%).
Godkjende arbeidskrav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Heimeeksamen over 4 dagar. Oppgåva skal vera på 3500 ord +/- 10%, ekskludert innhaldsliste og litteraturliste.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.