Forskningserfaring og metode: Kva er ein god borgar? Demokrati og sosiale medium

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Demokratiteori seier at ein god borgar bør vera informert og engasjert. Men kva betyr det i møte med kvardagens informasjonstrøm av algoritmestyrt innhald, ekstreme meiningar og desinformasjon? I dette emnet skal vi kritisk undersøke forventningane til borgarane i demokratiet, og til deira bruk av sosiale medium. Vi skal gjere det ved å først sette oss inn i aktuelle demokratiteorier, og så sjå på korleis folk forstår borgarnormer knytt til mediebruk. Vi skal gjennomføra datainnsamling for å få innsikt i kva unge meiner er god oppførsel for eigen del i møte med medieflommen, og kva bilete dei har av ein god borgar. Studentane blir med på design av eit forskingsprosjekt frå formulering av problemstilling via utforming av plan for datainnsamling, til analyse og formidling.

Læringsutbyte

Studenten kommer ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • Har kunnskap om aktuell forsking på ein konkret medievitskapleg problemstilling
  • Har inngåande kunnskap om teori og metoder som er relevante for og forstå og analysera denne problemstillinga
  • Har kunnskap om arbeidsmåter og utfordringar i prosjektarbeid.

Ferdigheter

Studenten

  • Kan ta i bruk metodiske og analytiske tilnærmingar som blir brukt i aktuell forskning

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan arbeida i ei prosjektgruppe
  • Kan formidla forsking gjennom presentasjon, postar, mediebidrag eller i sosiale medium.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i medievitskap, media og kommunikasjon eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i media og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga består av seminar og gruppearbeid.

Seminara vil gje innsikt i aktuelle forskingsprosjekt som emneansvarleg jobbar med om korleis folk i Noreg koplar seg til samfunnet gjennom media. Her vil teoriar, metodar og analysemetodar bli presenterte og diskuterte. Seminara vil òg gje introduksjon i forskingsarbeid.

I gruppearbeidet vil studentane gjennomføre eit forskingsprosjekt på bakgrunn av relevant teori og empiri. Arbeidet kan innebera å utvikla relevante og nye problemstillingar, utforsking av teoriar, etablering av relevant metode, innsamling av materiale, og dessutan å gjennomføra analyse. Gruppearbeidet vert utført under rettleiing. Kvar gruppe må gjennomføre plenumspresentasjonar av arbeidet sitt og gje tilbakemelding på arbeidet til andre grupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Gruppearbeidet er ein obligatorisk aktivitet. Deltaking og presentasjon må bli godkjent for å kunna ta eksamen.
Vurderingsformer

Eksamen består av to deler.

  • Nettbasert formidlingsrapport frå prosjektarbeidet, skrive i grupper. Tél 40 prosent av samla karakter.
  • Munnleg individuell eksamen. Tél 60 prosent av samla karakter.

Delkarakterar og samla karakter blir publisert i Studentweb. Begge deler må vere bestått for å få karakter i emnet.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.