Forskingserfaring og metode: Kva meiner folk om kunstig intelligens?

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kunstig intelligens (KI) får mykje merksemd, og har på få år blitt del av kvardagen og av samfunnsutviklinga. Men kva meiner eigentleg folk om KI? Kven er kritiske eller positive, kva slags oppfatningar har folk med ulik erfaring, og kva slags idéar om teknologi og menneske ligg til grunn? I dette emnet skal vi undersøkje kva folk i Norge tenkjer om kunstig intelligens. Vi skal sette oss inn i teoretiske perspektiv for å forstå folk sine førestillingar om teknologi, og diskutere korleis ein kan forske på dette med kvalitative og kvantitative metodar. Studentane blir med på å analysere datasett frå forskingsprosjekt som har nytta intervju, fokusgrupper, kortsortering og representative spørjeundersøkingar i Norge dei to siste åra, for å forstå forestillingar om KI i ei tid med store endringar. Ut frå materialet skal vi finne svar på problemstillingar om haldningar til KI, og lære å formidle forskingsresultat i ulike format.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • Har kunnskap om aktuell forsking på ein konkret medievitskapleg problemstilling
  • Har inngåande kunnskap om teori og metoder som er relevante for og forstå denne problemstillinga
  • Har kunnskap om arbeidsmåter og utfordringar i prosjektarbeid og vitskapeleg analyse

Ferdigheter

Studenten

  • Kan ta i bruk metodiske og analytiske tilnærmingar som blir brukt i aktuell forskning
  • Kan skilje mellom ulike metodar og datasett, og forstå kva slags spørsmål dei kan gi svar på
  • Kan formidle forskingsresultat gjennom presentasjon, postar, mediebidrag eller i sosiale medium

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan arbeide i ei prosjektgruppe
  • Kan formulere analytiske poeng og formidle forsking i ulike format

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Krav til forkunnskaper

Bachelorgrad i medievitskap, media og kommunikasjon eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i media og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga består av seminar og gruppearbeid.

Seminara vil gje innsikt i aktuell forsking om haldningar til kunstig intelligens, knytt til konkrete medievitskaplege forskingsprosjekt. Her vil teoriar, metodar og analytiske perspektiv bli presenterte og diskuterte. Seminara vil òg gje introduksjon i forskingsarbeid.

I gruppearbeidet vil studentane ta del i å analysere kvalitative og kvantitative datasett om folk i Norge sine oppfatningar av kunstig intelligens. Arbeidet kan innebera å utvikle spissa problemstillingar, utforske teoriar, etablere relevante analytiske metodar, gjennomføre analyse, og formidle funn. Gruppearbeidet vert utført under rettleiing. Kvar gruppe må gjennomføre plenumspresentasjonar av arbeidet sitt og gje tilbakemelding på arbeidet til andre grupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppearbeidet er ein obligatorisk aktivitet. Deltaking og presentasjon må bli godkjent for å kunna ta eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen består av to delar. 

  • Formidlingsrapport frå prosjektarbeidet, skrive i grupper. Tél 40 prosent av samla karakter.
  • Munnleg individuell eksamen. Tél 60 prosent av samla karakter.

Delkarakterar og samla karakter blir publisert i Studentweb. Begge deler må vere bestått for å få karakter i emnet.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarlig

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.