Masteroppgåve i medier og kommunikasjon

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

I utviklinga av masteroppgåva øvast du opp til sjølvstendig vitskapleg arbeid og framstilling. Masteroppgåva skal handle om eit tema som er relevant for medier og kommunikasjon.

Masteroppgåva er eit skriftleg arbeid på om lag 80 sider/om lag 32000 ord. Masteroppgåva skal kunna gjennomførast med eitt års heiltidsarbeid, og gjev ei utteljing på 60 studiepoeng. Instituttet har utarbeidd ein rettleiingskontrakt som skal underskrivast av student og rettleiar, og som klargjer rettar og plikter for begge partar. Oppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid skrive under rettleiing. Dette betyr at vurderingskriteriane er dei same som ved vurdering av vitskapleg kvalitet elles, i lys av omfangsavgrensing og tidsramme for arbeidet.

Krav til vitskapleg framstilling inneber at masteroppgåva må a) innehalda rimeleg klart formulerte problemstillingar, b) demonstrera evne til oversiktleg og samanhengande framstilling, c) demonstrera kjennskap til hovudtrekk ved relevant forsking på feltet, d) innehalda analyse, argumentasjon og dokumentasjon i tråd med problemstillingane i oppgåva, e) eksplisera og gjera greie for eigne teoretiske og metodiske hovudval, som skal vera adekvate ut frå problemstillingane og f) demonstrera forståing av sentrale omgrep og konsistent bruk av desse i framstillinga.

Tittelen på masteroppgåva vert synleg på vitnemålet.

Læringsutbytte

Studenten skal etter avslutta masteroppgåve ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gi grundige utgreiingar om forskinga på det feltet som er relevant for oppgåva sitt tema, og gi kritiske vurderingar av denne forskinga
  • forklare kva krav som vert stilt til og korleis ein arbeider med masteroppgåver og liknande prosjekt
  • forklare kva som er et valid forskningsdesign innen det valgte fagfelt
  • utgreie kva som menes med forskningsetikk innen fagfeltet medier og kommunikasjon

Ferdigheiter

Studenten kan

  • utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innan gitte tidsrammer
  • utforme ei vitskapleg problemstilling og forfølgje den gjennom bruk av teori og metode innan medier og kommunikasjon
  • kritisk vurdere kvaliteten og validiteten i egne og andres forskningsdesign, medrekna valg av problemstilling, forskningsobjekt og metode
  • redegjøre for forskningsetiske problemstillinger knyttet til eget masteroppgåveprosjekt

Generell kompetanse

Studenten kan

  • raskt setje seg inn i nye problemstillingar, vurdere og tileigne seg ny fagkunnskap, og bruke denne kunnskapen i sjølvstendige analyser av aktuelle samfunnsspørsmål på ulike områder
  • forholda seg til etiske problemstillingar i praktisk forskingsverksemd

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust, vår
Krav til forkunnskaper
60 studiepoeng med valfrie emner i kursdelen.
Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
Masterprogram i medier og kommunikasjon.
Arbeids- og undervisningsformer
  • Forelesning, seminar/verksted, eget arbeid, og individuell rettleiing.

Arbeidet med masteroppgåva blir innleidd med eit obligatorisk oppstartskurs der generelle spørsmål om forskingsdesign og forskingsetikk blir tekne opp. Emnet inneheld òg eit obligatorisk midtveisseminar der kandidatane får høve til å drøfte prosjektet sitt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • 80% obligatorisk oppmøte på oppstartskurs
  • Obligatorisk utarbeiding av skisse med prosjektidé inkludert forskningstema, problemstilling, aktuell litteratur, data/analyseobjekt, utkast til metodisk og analytisk tilnærming
  • Obligatorisk deltakelse på midtveisseminar
  • Obligatorisk rettleiing
  • Obligatorisk presentasjon: Etter at masteroppgåva er innlevert skal studenten gi ein presentasjon på 30 minutt av masteroppgåva. Presentasjonen finner stad normalt same dag som justerande munnleg. Eksamenskommisjonen bedømmer den obligatoriske presentasjonen til godkjend/ikkje godkjend. Dersom presentasjonen ikkje kan godkjennast, vil studenten få høve til å gi ein ny presentasjon, utan å levere oppgåva på nytt. Dette må skje i same semester som oppgåva ble levert. Godkjend presentasjon er ei føresetnad for å gå opp til justerande munnleg eksamen.
Vurderingsformer

Masteroppgåve og justerande munnleg

  • Ei masteroppgåve på omlag 80 sider/om lag 32000 ord.
  • Justerande munnleg eksaminasjon i form av samtale mellom kandidaten og kommisjonen om masteroppgåva, normalt avgrensa til 45 minutt.

Den justerande munnleg eksamen kan justere endelig karakter opp eller ned med ein karakter.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Masteroppgåva skal leverast i fjerde semester innan ordinær innleveringsfrist 1. juni. Masteroppgåva skal leverast via gjeldande tekniske løysing.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.