Avansert tekstanalyse: Film, TV og Visuell Kultur

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet har fokus på medienes form og uttrykk, og deira kulturhistoriske kontekst. Med utgangspunkt i dei humanvitskaplege områda av medievitskapen, gjev emnet grunnlag for teoretisk refleksjon og analytisk handtering av til dømes film, tv, fotografi, visuell kultur, og dataspill. Tydinga av estetiske og teknologiske og tilhøve for medietekstenes utforming og funksjoner er sentralt innafor temaet. Kva medieformer og teoretisk-analytiske tradisjonar som vert lagt vekt på kan variera.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • har kunnskapar om utvalde teoretiske og analytiske tradisjonar som er sentrale for forståinga av medienes form og innhald.
  • har kunnskap om korleis medienes form og innhald heng saman med bestemte estetiske, kulturhistoriske, og teknologiske vilkår.

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan samanlikne, vurdere og diskutere viktige kjenneteikn ved ulike analytiske tradisjonar.
  • kan anvende teoretiske innsikter og omgrep i analysar av medieuttrykk og mediesjangrar.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad i medievitskap, medier og kommunikasjon eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
MEVI303 (10 studiepoeng)
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar, seminar og individuell rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Litteraturframlegging på seminar. Sjå eigne retningslinjer ved starten av semesteret.

Godkjende arbeidskrav gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer
Emnet har ein individuell muntleg eksamen.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.