Fordjupning i kvantiativ metode
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- MEVI391
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Dette kurset gir fordjuping i sentrale kvantitative metodar i medie- og kommunikasjonsvitskap, med særleg vekt på korleis desse kan nyttast i masteroppgåvearbeidet. Studentane skal kunne gjennomføre eigne empiriske undersøkingar, tilretteleggje data for analyse, velje høvelege metodar og analytiske framgangsmåtar, og tolke og formidle resultat på ein presis og kritisk måte.
Undervisninga omfattar kvantitative tilnærmingar til studiet av mediepublikum, institusjonar og tekstar, som ulike former for regresjonsanalyse (lineær og logistisk), eksperimentmetode og kvantitativ innhaldsanalyse. Studentane vil få praktisk trening i bruk av relevant statistikkprogram.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:
Kunnskapar
Studenten...
- kan knyte kvantitativ metode opp mot medievitenskaplige problemstillingar
- kjenner til internasjonal faglitteratur som nyttar avanserte kvantitative metode
- kan gjera greie for logikken i sentrale statistiske metodar for datainnsamling og analyse, og deira styrkar og avgrensingar
- kan samle inn data, og gjennomføre ein solid kvantitativ analyse
Ferdigheiter
Studenten...
- kan planleggje og gjennomføre ein sjølvstendig kvantitativ og empirisk analyse av eit medie- og kommunikasjonsfagleg fenomen
- kan nytta statistikkprogram (f.eks. R/STATA/SPSS/Python) til tilrettelegging, analyse og framstilling av data
- demonstrerer teoretisk og så vel som praktisk innsikt i kvantitativ metode, spesielt regresjonsanalyse
- kan skrive ut forskingsresultat i form av et strukturert, teoretisk motivert og empirisk gjennomarbeidd metodenotat
- kan gjera grunngjevne val av kvantitative forskingsdesign og analysemetodar
Generell kompetanse
Studenten...
- har erfaring med heile forskingsprosessen, frå datainnsamling til rapportering av kvantitative data
- kan gjera grunngjevne val av kvantitative forskingsdesign og analysemetodar
- kan kommunisere og drøfta resultat frå kvantitativ analyse på ein presis og kritisk måte
- kan innsamle, leggje til rette, og analysere data ved hjelp av eit statistikkprogram
- kan bruke kvantitativ analyse av data til å kaste lys over fagleg interessante problemstillingar på ein sjølvstendig og kritisk måte
- viser at dei kan designe eit kvantitativt medievitskapleg forskingsopplegg
- kan artikulere kjennskap til nøkkelkonsept i den vitskaplege litteraturen om vitskapleg design og kvantitative metodar innan medievitenskapelig forsking.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på metodeverkstad (80 %)
Godkjende arbeidskrav gyldige berre i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Mappevurdering med samla vurdering basert på følgjande:
- Metodenotat (maksimalt 1000 ord) 25 %
- Semesteroppgåve (maksimalt 4500 ord) 75 %
Det vert gjort ei samla vurdering av innhaldet i mappa og det blir gitt éin karakter (ingen delkarakterar for dei enkelte mappeelementa).
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vurdering berre i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.