Frontend-utvikling

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet er tredelt:

Modul 1 gir ei teoretisk og praktisk innføring i visuell kommunikasjon for digitale flater.

Modul 2 gjev innføring i brukarsideprogrammering og i aktuelle teknologiar og standardar for programmering av dynamiske interaktive grensesnitt.

I Modul 3 vil studentane gjennomføre eit gruppprosjektarbeid der dei utformar og programmerar interaktive brukargrensesnitt, for eksempel på verdsveven («world wide web») eller i mobile klientar, der dei knytt saman dugleikar innan prosjektarbeid, interaksjonsdesign med grafisk design og programmering.

Det er sterkt anbefalt å melde seg som deltakar i brukerstudier. Ei slik praktisk oppleving kan vere eit godt supplement for betre å forstå litteratur om brukarstudier og eksperiment.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for sentrale omgrep i moderne interaktive brukargrensesnitt på mobile klientar og på verdsveven.
  • kan gjere greie for teoriar og prinsipp for grafisk design og effektiv visuell kommunikasjon.
  • kan gjere greie for ulike metodar for softwareutvikling.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte relevant redigeringsverktøy.
  • kan programmere interaktive vevsider med til dømes JavaScript, DOM og andre aktuelle API-ar.
  • kan bruke JSON og REST-tenester
  • kan bruke verktøy som vert nytta for å skrive, køyre og teste enkle program.
  • kan integrere interaksjonsdesign, grafisk design og programmering i utviklinga av interaktive applikasjonar.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan diskutere konseptuelle, praktiske og etiske problemstillingar knytte til evaluering av interaktive system.
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt innan fagfeltet interaksjonsdesign, aleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske retningslinjer og krav til universell utforming.
  • kjenner til forskings- og innovasjonsarbeid innan interaksjonsdesign, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet.

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Media City Bergen

Krav til forkunnskaper

Godkjente obligatoriske arbeidskrav på INFO132 og MIX100, eller tilsvarande emne.

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

  • INFO134 (10 sp)
  • MIX104 (10 sp)

Krav til studierett

Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar, workshops og gruppearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske munnlege og skriftlege oppgåver innan grafisk design og klientprogrammering, individuelt og gruppebasert, oppmøte på undervisning (minst 80%)

Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Deleksamen:

  1. Individuell oppgåve i grafisk design
  2. Individuell oppgåve i programmering
  3. Gruppeoppgåve: studentane lager ei løysing som integrerer programmering og grafisk design, og skriver ein skriftleg spesifikasjon.

Hver deleksamen vektes 1/3.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarlig

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap.

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.