Tradisjonskunnskap 2
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MOB107
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet har som mål å gje eit detaljert overblikk over instrument-, musikk- og dansetypar innanfor folkemusikktradisjonane i Noreg.
Innhald:
Emnet tek for seg tradisjonsmusikken og -dansen i Noreg ut frå historisk og sjangermessig perspektiv, og omfattar folkemusikksoge, danselære og slåtte- og folkesonglære.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* har oversikt over viktige tradisjonslinjer i norsk folkemusikk, ulike spel- og songstilar, folkemusikkinstrument (organologi), organisering av folkemusikklivet i Noreg og andre nordiske land, og sentrale ideologiske straumdrag som har prega synet på folkemusikken både i og utanfor dette miljøet
* har oversikt over dei ulike danseformene, slåttetypane og vokalsjangrane og stilhistorie innanfor dans
Ferdigheiter
Studenten ..
* kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling innanfor tradisjonsmusikken og kan bruke resultata i ei skriftleg framstilling
Generell kompetanse
Studenten ..
* viser evne til å arbeide sjølvstendig med ei problemstilling innanfor eit avgrensa fagfelt, og kan leggje fram resultata skriftleg i ei akademisk form.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Undervisningssted
Ole Bull Akademiet, Voss
Krav til forkunnskaper
Greidd eksamen i emnet MOB105 Tradisjonskunnskap 1.
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning og rettleiing er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.
Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.
Vurderingsformer
Rettleidd årsoppgåve på ca 20 sider, der problemstillinga tek utgangspunkt i det tradisjonsfeltet som studenten presenterte munnleg i emnet MOB105 Tradisjonskunnskap 1 i første studieår. Oppgåva skal leverast innan kunngjort frist mot slutten av studieåret.
Intern sensur med minst to sensorar.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
I tillegg til eit felles litteraturpensum skal kvar student leggje opp eit eige pensum med vekt på lokal folkemusikksoge. Dette kan hentast frå lokalt sogetilfang eller frå eige innsamla materiale.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.