Musisering til dans
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MOB214
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk og/eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet har som mål å gje fordjuping i og erfaring med musisering til dans, og å fremje forståing for samspelet mellom musikk og dans.
Innhald:
Studiet tar opp tema som: dei krava til utføring av dansemusikken som gjeld i utvalde dansefor-mer/-stilartar, samspelet mellom musikar og dansar i utøvingssituasjonen, og kunnskap frå litteratur/arkiv og/eller levande kjelder om ak-tuelle danseformer.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
• har fordjupa kunnskap om sitt eige repertoar av dansemusikk
• har grunnleggjande dansefagleg kunnskap om utvalde danseformer
Ferdigheiter
Studenten
• kan utvikle si musisering til dans i samarbeid med dansarar
• kan musisere til dans på ein måte som tilfredsstiller dei krava som gjeld i den aktuelle danseforma
• kan framføre eit program med dansemusikk
• Har grunnleggjande danseferdigheit i minst éin dansestil
Generell kompetanse
Studenten
• kan utvikle sitt eige kunstnarlege uttrykk gjennom fordjuping i eit utvalt dansemusikkrepertoar
• kan samarbeide med utøvarar innafor ei anna kunstgrein, som dans, om å utvikle eit kunstnarleg uttrykk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Framføring av eit repertoar på minst 15 minutt dansemusikk, solo eller i samspel. Framføringa kan gjerast med eller utan dansarar.