Folkedans påbygging
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MOB217
- Talet på semester
- 2
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet har som mål å gje studenten eit utvida kunstnarleg fundament for allsidig og sjølvstendig arbeid som musikar, og skal gjennom å utvikle danseferdigheit og kunnskap om tradisjonsdans, bidra til å utvikle studenten som folkemusikkutøvar.
Emnet fokuserer på:
- Eigne danseferdigheiter: Studenten skal utvikle teknisk ferdigheit og uttryksevne gjennom individuell retteleiing og eiga øving. Det blir arbeidd med sentrale element som motiv, rotasjon/samdans, variasjon og kroppsleg uttrykk, med særleg vekt på tilhøvetmellom dans og musikk.
- Kunnskap om dansetradisjonen. Det blir vist til relevant litteratur og andre kjelder arkivmateriale, filmopptak osv.
- Repertoarkunnskap: Studenten skal arbeide med stoff innanfor ein eller fleire norske eller nodriske folkedanstradisjonar. I tillegg kan eventuelt follkedansar frå andre land studerast, i mindre omfang.