Strukturell Molekylærbiologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet for emnet er å gje studentane kunnskap om forholdet mellom biomakromolekyl sin struktur og funksjon. Protein vil som det viktigaste funksjonelle molekylet i levande system få hovudfokuset i dette kurset. Punkt som vil bli dekt er korleis aminosyrer sine eigenskapar blir kombinert i sekundær-, tertiær- og høgareordens kompleks, og korleis dei nye eigenskapane blir utnytta i levande organismar. Andre biomolekyl og samlingar av biomolekyl vil berre bli diskutert i samband med relasjon til protein. Fokuset vil vere på konsept som allereie er presentert i tidligare kurs slik som allosteri, ligandbinding og effektorar, posttranslasjonelle modifikasjonar, nukleotid signalisering, og korleis disse fenomena regulerer proteinfunksjon. Emnet vil og by på ein kort introduksjon til korleis ein kjem fram til proteinstrukturar eksperimentelt, og vil sjå på proteinevolusjon frå eit strukturelt perspektiv. Emnet legg vekt på korleis fenomena over speler saman og gjev opphav til cella si mange funksjonar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne MOL310 skal studentane kunne:

- skildre dei forskjellige proteinstrukturnivåa, frå aminosyre nivå til større, kvartære kompleks

- forstå kreftene og effektane som gir eit protein struktur

- skildre korleis protein nyttar si strukturelle organisering for å oppnå eigenskapar som ikkje er til stades i enkeltkomponentane til proteinet

- forstå korleis desse eigenskapane blir nytta til gjeremål på molekylært nivå i ei levande organisme

- skildre korleis desse proteinfunksjonane blir styrt av modifikasjon, lokalisering og effektormolekyl.

- gjere greie for korleis, ved å nytta eksempel, punkta over spelar saman i celleprosessar slik som signaloverføring, endo/eksocytose, cellemotilitet og genregulering

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad eller tilsvarande omfang molekylærbiologisk kunnskap.
Anbefalte forkunnskaper
Generell god bakgrunn i organisk kjemi og molekylærbiologi.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Skriftleg oppgåve
Vurderingsformer

Skriftleg oppgåve (25%) og skriftleg eksamen, 4 timar (75%).

Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.