Strukturell Molekylærbiologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet har som mål å gje studentane kunnskap om forholdet mellom biomakromolekyl sin struktur og funksjon. Det vart lagt vekt på korleis fleire biomakromylekyl speler saman og gjev opphav til cella si mange funksjonar.

 

Innhald:

Protein vil som det viktigaste funksjonelle molekylet i levande system få hovudfokuset i dette kurset. Punkt som vil bli dekt er korleis aminosyrer sine eigenskapar blir kombinert i sekundær-, tertiær- og høgareordens kompleks, og korleis dei nye eigenskapane blir utnytta i levande organismar. Andre biomolekyl og samlingar av biomolekyl vil generelt sett berre bli diskutert i samband med deira relasjon til protein. Fokuset vil vere på konsept som allereie er presentert i tidligare kurs slik som allosteri, ligandbinding og effektorar, posttranslasjonelle modifikasjonar, nukleotid signalisering, og korleis disse fenomena regulerer proteinfunksjon. Emnet vil og by på ein kort introduksjon til relevant metodology, spesielt korleis ein kjem fram til proteinstrukturar eksperimentelt. Det vil og sjå på proteinevolusjon frå eit strukturelt perspektiv.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan forklare detaljert om

  • dei forskjellige proteinstrukturnivåa, frå aminosyre nivå til større, kvartære kompleks
  • kreftene og effektane som gir eit protein struktur
  • korleis protein nyttar si strukturelle organisering for å oppnå eigenskapar som ikkje er til stades i enkeltkomponentane til proteinet
  • korleis desse eigenskapane blir nytta til gjeremål på molekylært nivå i ei levande organisme
  • korleis desse proteinfunksjonane blir styrt av modifikasjon, lokalisering og effektormolekyl
  • korleis biomolekyl endrar eigenskapar og virkemåte avhengig av samanhengen dei opererer i
  • relevant metodologi for å studere biomakromolekyl in vitro og in vivo

Ferdigheiter

Studenten kan

  • gjere greie for (skriftleg og munnleg) korleis kunnskapen skissert over spelar saman i celleprosessar slik som signaloverføring, endo/eksocytose, cellemotilitet og genregulering
  • velje riktig metodologi for å svare på enkle (og eventuelt vanskelege) spørsmål knytta til gitte makromolykylære problem
  • orientere seg på rom- og tidsskalaen som er aktuell for å forstå biomakromolekyl
  • løyse rekneoppgåver og teoretiske oppgåver knytt til tema tatt opp i emnet
  • i gruppe produsere ei obligatorisk oppgåve rundt eit MOL310-relevant tema valt sjølv. Oppgåva og skal halde et godt nivå med tanke på forståing, klarheit og fagleg terminologi

Generell kompetanse

Studenten har etter avlagt emne...

  • evne til å setje tema tatt opp i MOL310 inn i ein større biologisk og kjemisk samanheng, og dessutan gjere egne slutningar uavhengig av eksisterande tekst
  • kunnskap om korleis spesielt protein oppnår sine spesifikke og unike eigenskapar
  • evne til å formidle kvalitative og kvantitative aspekt ved strukturell molekylærbiologi, munnleg og skriftleg, både til spesialistar og ikkje-spesialistar.

Undervisningssemester

Vår. Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.

Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk,du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.

Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad eller tilsvarande omfang molekylærbiologisk kunnskap.
Anbefalte forkunnskaper
Generell god bakgrunn i organisk kjemi og molekylærbiologi.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftleg oppgåve. Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.

Første forelesing/orienteringsmøtet er obligatorisk.

Vurderingsformer

Skriftleg oppgåve (25%) og skriftleg eksamen, 4 timar (75%). Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

For semester utan undervisning kan studenten avlegje skrifteleg eksamen dersom dei har vurdering på skrifteleg oppgåve. Resultatet frå oppgåva (25%) og skrifteleg eksamen (75%) utgjer karaktergrunnlaget.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.