Hovuddisiplin komposisjon 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet har som mål å:

  • Gje studenten ei innføring i og forståing for kva som ligg bak kreative og kompositoriske prosessar, både som epokeuttrykk og som individuelt kunstnarisk uttrykk.
  • Utvikle ferdigheita i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet, og som kunstnarleg eigenuttrykk.
  • Øve opp vurderingsevna og den musikalske forståinga av ulike tradisjonar og epokar gjennom kreativt og analytisk arbeid.
  • Starte studenten si bevisstgjering om mulige personlege formspråk.

Innhald:

Studiet tar opp tema som:

  • Komposisjon som kreativ prosess.
  • Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon.
  • Verkanalysar og repertoarforståing.
  • Estetiske problemstillingar.
  • Arbeid med musikkteknologi.
  • Rom, tid, meining og funksjon sett frå ein musikalsk ståstad.

Emnet byggjer på dei musikkorienterande faga, vil femne delar av den vestlege kunstmusikktradisjonen, og er eit innføringsemne i moderne kunstmusikalsk musikkskaping som også omfattar perspektiv på musikk frå tidlegare epokar.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kjenner det generelle repertoaret innan sentrale verk og stilar

* har grunnleggjande kunnskap om arbeidsteknikkar og førebuing

Ferdigheiter

Studenten ..

* beherskar grunnleggjande satsteknikkar, notasjonsformer og instrumentasjonspraksis frå mellomalder til i dag

* kan nytta datamaskin og ulik programvare i komposisjonsarbeidet

Generell kompetanse

Studenten ..

* har skaffa seg erfaring med konsert- og formidlingspraksis

Studiepoeng, omfang

25 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon

Emnet erstatter MUG134 Hovuddisiplin komposisjon 1

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Studenten skal arbeide med definerte oppgåver og eigne verk:

  • Sjølvstendig.
  • Gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg.
  • Gjennom aktiv deltaking i fellesseminar.
  • I prosjekt.

Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å lage ein individuell arbeidsplan i samsvar med studieplanen.

Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått:

  • I rettleiing og/eller i seminarform.
  • Gjennom sjølvstendig lytting og/eller partiturlesing.

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar. I samråd med faglærar leggjast det opp eit individualpensum. Dette skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.

Det vert forventa at studenten på eige initiativ arbeider praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar på og/eller utanfor instituttet, og at arbeid og resultat vert spelt inn.

Kurs i musikkteknologi.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar av minimum to komposisjonar som dannar grunnlag for mappevurdering
  • Fellestimar og seminar som beskrive i eigen semesterplan
  • Oppgåver og pensum som beskrive i eigen semesterplan
  • Individualpensum godkjent av faglærar
  • Prosjektveket i regi av studieprogrammet som beskrive i eigen semesterplan
  • Gjennomføre minimum 2 komposisjonsprosjekt pr. studieår
  • Musikerforum
  • Innføring i folkemusikk organisert som vekekurs på Ole Bull Akademiet
  • Kurs i arbeidsfysiologi (jf. eigen semesterplan).

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. I prosjektveker er det krav om 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjente før eksamen.

Vurderingsformer

Mappevurdering som inneheld følgande delar:

  1. Innlevering:
    • 2 komposisjonar/arbeidsprøver/etydar på minimum 5 minutt pr. verk skrivne under studiet med rettleiing. Partitur skal normalt følgjast av lydfesting.
    • Ein tekst på minimum 800 ord pr verk med refleksjon over dei to innleverte verka/arbeida som inneheld ei analytisk tilnærming og kjeldeliste.
    • Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar gjennom studieåret som omfattar ulike sentrale eldre og nyare homofone og polyfone teknikkar, samt instrumentasjonsløysingar.
  1. Samtale mellom kandidaten og kommisjonen der pensumrelatert prosess, komposisjonsteknikkar og det kunstnariske arbeidet vert diskutert. Samtalen er ein del av mappevurderinga.

Innhalde i mappa vert vurdert samla og får ein samla karakter.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Vurderingssemester
Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.