Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, musikk (heiltid)

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål

I praksisopplæringa skal studentane øve seg i å planlegge, gjennomføre, vurdere og analysere undervisning, og på denne måten vidareutvikle sin pedagogiske og fagdidaktiske kompetanse.

Praksiserfaringane skal sjåast i lys av teori, læreplanar og mandatet som skulen har. Studentane skal kunne vurdere dei ulike aspekta ved eiga undervisning, på ein kvalifisert måte.

Utdanninga på PPU skal vere praksisbasert og yrkesretta, og det er følgeleg viktig å utvikle kunnskap gjennom eit samspel basert på erfaringar, verdiar og forsking.

Det å utdanne seg til lærar inneber å utvikle heilskapleg kompetanse for pedagogisk og didaktisk arbeid, gjennom evna til å sjå samanhengar mellom praksis og teori.

Vi legg til grunn at studentar og faglærarar brukar erfaringar frå praksis som utgangspunkt for refleksjon og analyse, både i pedagogikk og fagdidaktikk.

Innhald

I praksisopplæringa skal studentane analysere sine praksiserfaringar i lys av teori og, læreplanar, og på denne måten vidareutvikle sin pedagogiske og didaktiske kompetanse. Praksis skal vera variert, rettleia og vurdert.

Praksisperiodane kan gjennomførast som praksis i par eller som individuell praksis, og vera knytt til faga som studenten er kvalifisert til å undervise i.

Emnet tek opp tema som:

  • læringsmiljø, lærarens rolle som klasseleiar og rollemodell, elevsamtalar og yrkesetikk.
  • differensiering og tilpassa opplæring, også for elevar i eit fleirkulturelt læringsmiljø. Sjå den einskilde og sjå klassen under eitt.
  • planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av opplæring, og vurdering og dokumentasjon av elevane si læring
  • formell og uformell elevvurdering.
  • tiltak for elevar med særskilde behov, samarbeid med hjelpeapparatet.
  • samarbeid mellom skule og heim.
  • teamarbeid, skulen som organisasjon.
  • endrings- og utviklingsarbeid.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten..

  1. har kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurdering i 5.-10. trinn i grunnskulen, i vidaregåande skule og i andre relevante læringsarenaer.
  2. har kunnskap om samspelet mellom elevar og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heim-samarbeid.
  3. har kunnskap om rolla til læraren, rettar og plikter og om lærararbeidet på organisasjonsnivå.
  4. har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen

Ferdigheiter

Studenten..

  1. kan planlegge, tilpasse, gjennomføre og vurdere opplæring, aleine og saman med andre.
  2. kan variere og grunngje eit breitt utval av måtar for undervisning, både sjølvstendig og gjennom elevmedverking.
  3. kan utvikle mål for opplæringa og vurdere elevane si evne til å oppnå måla gjennom formativ og summativ vurdering.
  4. kan vera ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid tilpassa ulike elevar, og kunne justere arbeidsmåtane undervegs.
  5. kan samhandle med elevar, føresette, kollegaar, skuleleiing og andre aktørar i skulen.

Generell kompetanse

Studenten..

  1. kan reflektere over fag, undervisning og elevane si læring i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv.
  2. kan kritisk vurdere eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking.
  3. kan bygge gode relasjonar og kommunisere godt med elevar og kollegaar.
  4. kan initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i samarbeid med utdanningsinstitusjonen og praksisskulen.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

Praksis gir ingen studiepoeng, men er ein integrert del av PPU-studiet, som er knytt til både pedagogikk- og fagdidaktikkemna.

Går over to semester.

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningssted

Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studierett på Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design.
Arbeids- og undervisningsformer

Praksisundervisninga femner om observasjon av andre si undervisning, sjølvstendig undervisning (anten individuelt eller saman med andre) og rettleiing frå praksislærar/faglærar.

60 arbeidsdagar praksis skal inngå som en integrert del av studiet. Dette inkluderer undervisning, rettleiing, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utviklingsarbeid.

50% av praksis skal jf. rammeplan for PPU gjennomførast i grunnskule og/eller i vidaregåande opplæring. 50% av praksis kan gjennomførast i kulturskule, på museum eller i folkehøgskule.

Praksisperiodane er fordelt slik:

1. semester:

15 dagar praksis i grunnskule

15 dagar praksis i kulturskule

2. semester:

15 dagar praksis i vidaregåande opplæring

15 dagar praksis i ensemble/samspel

Alternative praksisarena:

Folkehøgskular

Andre skuleslag

Internasjonal skulepraksis

Sjå praksisinformasjonssidafor utfyllande retningslinjer om praksis.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All praksis er obligatorisk. Det er krav om 100% frammøte og god førebuing.

Praksis er en obligatorisk del av studiane. Fråvær godtast eventuelt berre i forbindelse med sjukdom og/eller permisjon innvilga av Fakultet for kunst, musikk og design. Det gis ikkje fritak frå praksis. Studentar som går glipp av praksis må normalt ta tapte praksistimer på nytt, sjølv ved gyldig fråvær.

Sjå praksisinformasjonssida for utfyllande retningslinjer om obligatorisk undervisingsaktivitet.

Vurderingsformer

Praksis.

Det vert gjort ei heilskapleg vurdering av studenten sine praksisperiodar gjennom samarbeid mellom praksisrettleiar og faglærar. Studenten må få godkjent kvar enkelt praksisperiode for å kunne bestå emnet i sin heilskap.

Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.

Dersom en student ikkje består ein praksisperiode har studenten rett til å ta den aktuelle praksisperioden om igjen éin gang.

Sjå praksisinformasjonssidafor utfyllande retningslinjer om vurdering.

Karakterskala
«Bestått» / «Ikkje bestått»
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Ingen
Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Fakultet for kunst, musikk, design v/Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.