Basisinstrument
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MUTP200
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet skal gje studenten eit kunstnarleg og teknisk fundament for kreativt, allsidig og sjølvstendig arbeid.
Emnet skal utvikle ferdigheiter, kunnskap og formidlingsevne i song eller på instrument.
Læringsutbytte
Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kjenner instrumentets konstruksjon og verkemåte
- kjenner instrumentets historikk og tradisjon
Dugleiker
Studenten
- kan framføre eit grunnleggjande repertoar på sitt instrument.
Generell kompetanse
Studenten
- har utvikla evne til musikalsk formidling.
- har innsikt til å arbeide på eiga hand med tekniske utfordringar og musikalske uttrykk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Bestått opptaksprøve til emnet: 10 minuttar sjølvvalt repertoar.
Studenten skal ha grunnleggjande kompetanse på instrumentet.
Dei er ein føresetnad at Griegakademiet - institutt for musikk har disponible lærarkrefter på instrumentet.
Søknadsfrist for opptak er 15. mars, og prøvespel vil normalt bli gjennomført i april/mai.
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Studenten skal utvikle grunnleggjande teknisk og musikalsk ferdigheit gjennom individuell rettleiing, gruppeundervisning og eiga øving.
Det inngår ingen akkompagnatørressurs i emnet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk og omfattar:
- Individuell rettleiing
- Gruppeundervsning
Studenten skal innstudere minst 20 min. repertoar. Ensemblespel kan inngå som del av repertoaret.
Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensretta.
Gjennomgått repertoar og eksamensprogram skal vere dokumentert i eksamenssemesteret på eige skjema godkjent av faglærar innan 15. november.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.