Samtidsmusikk fordjuping
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MUV250
- Talet på semester
- 2
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet har som mål å gje innføring i sentrale aspekt innan samtidsmusikk frå rundt 1950 og fram til i dag, innanfor komposisjon, improvisasjon, utøving og interpretasjon.
Innhald:
Emnet tek utgangspunkt i musikk frå vår eiga nære fortid og fram til i dag. Introduksjon til forskjellige komposisjonsteknikkar, musikalske uttrykksformer, notasjonsmetoder, og legg desse til grunn for kreativ utnytting i studentens eige arbeid.
Emnet høver godt for alle studentar på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon. Det kan i tillegg opnast opp for studentar frå andre program ved ledig kapasitet.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- er kjend med ulike ulike notasjonsmåtar innan samtidsrepertoaret
- kjenner til eit breitt utval teknikkar innanfor hovedinstrumentet.
Ferdigheiter
Studenten
- har metodarfor å anvende og innstudere dei mest sentrale teknikkane på hovudinstrumentet.
- er i stand til å bruke desse som metodar for å skape eigne musikalske uttrykk og løysingar.
Generell kompetanse
Studenten
- har eit oversyn over samtidsmusikkhistoria i form av kjennskap til verk og musikkfilosofi.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet omfattar:
- Gjennomgang av eit utval sentrale teknikkar og arbeidsformer typiske for ein stilperiode, tidsperiode eller personalstil.
- Eksperimentelle teknikkar og særskilde effektar for ulike instrument
- Elektroniske verkemiddel
- Mikrointervaller og ulike måtar å stemme på
- Ulike former for notasjon
- Etydar og workshops som på sjølvstendig grunnlag utforskal og viderefører desse teknikkane i eiga komponering og musikalsk framførin
- Innstudering og framføring av desse komposisjonane
- Seminar og diskusjonar rundt gjennomførte løysingar
Gjennom eit eige lytterepertoar skal studenten få kjennskap til og oversyn over sentrale samtidsverk. Det blir også arbeidd med "intuitiv musisering", dvs. eksperimentering med grunnleggjande element (tonar, rytme og klangfarge) og former i musikken.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- førelesingar, seminar, gruppe- og prosjektarbeid
- godkjent liste over lytterepertoar som inneheld 20-25 verk med relevans for studenten sitt hovudinstrument
- dokumentert aktiv medverking i innstudering og framføring av studentarbeid, som musikar, ensembleleiar eller liknande.
- deltaking på opne workshops/konserter i løp av studieåret
- avslutningskonsert
All undervisning er obligatorisk
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og gokjent før eksamen.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein føgjande vurderingsform:
- Mappevudering
Mappa skal innehalde:
- Tre oppgåver (komposisjonar/framføringar) som er gjennomført i løpet av studieåret.
- Lydfesting av dei innleverte oppgåvene.
- Ein kort skriftleg refleksjon/utgreiing av kvar oppgåve
Mappedelane vert vekta likt