Nordisk fagdidaktikk 3
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- NODI302
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet har fire hovudområde:
- Strategiar for språkkompetanse
- Tekstformer og læringsprosessar
- Det fleirkulturelle klasserommet
- Teksten og lesaren
Studiet skal vidareutvikle den fagdidaktiske kunnskapen studenten har frå NODI101 og frå NODI201 og saman med djupare fagkunnskap, pedagogikk og praksis leggje grunnlag for djupare refleksjon og praktisk dugleik i undervisning i norskfaget i skulen. Emnet skal bidra til at studenten kan sertifiserast som norsklærar på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule og emnet siktar difor mot svært høg fagdidaktisk innsikt. Det inneber både djup innsikt i grunngjevingar for alle emne i skulefaget norsk og evne til å planleggje, gjennomføre og reflektere over eiga norskundervisning og elevane sine læringsprosessar.
Læringsutbytte
Etter å ha studert emnet skal studentane:
- Kunne undersøke læring i eige klasserom i norskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori og presentere refleksjon over dette skriftlig og munnleg.
- Kunne drøfte problemstillingar som gjeld vilkår for læring i norskfaget i høve til kulturelle mål for skulen og i høve til ulike kulturelle føresetnader i skulen.
- Kunne drøfte styringsdokument for norskfaget i høve til fagtradisjonar og fagutvikling
- Kunne vurdere læremiddel og arbeidsformer i norsk i høvet til alle dei ulike emna i skulefaget og kunne grunngje val og vurderingar i høve til eige fagsyn.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
100-nivå og 200 nivå i språk og litteratur og norsk fagdidaktikk pluss minst 15 studiepoeng nordisk på 300 nivå og 8 veker praksis i skulen.
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Eksamensforma er ei rettleidd semesteroppgåve som skal leverast innan seks veker etter oppgåveteksten er utdelt. Rettleiing frå faglærar er obligatorisk, og skal gjevast i løpet av dei seks vekene. Semesteroppgåva skal ikkje vere lengre enn 4000 ord (sirka 24000 teikn), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Litteraturliste
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium gjev framlegg om spesifisert pensumliste i emnet. Pensum for NODI302 utgjer om lag 800 sider av normal vanskegrad.