Tekst og kontekst i andrespråksperspektiv

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gir ei innføring i pragmatikk og tekstlingvistikk i andrespråksperspektiv kopla til både talespråk og skriftspråk. Sentrale tema er sjanger, teksttype, tekstbinding, andrespråksskriving og kontrastiv retorikk, språkfunksjonar og språkhandlingsteori. Desse temaa blir sett i ein didaktisk samanheng.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om ulike sjangrar og sjangerkonvensjonar på tvers av språk og kulturar
  • har kunnskap om ulike teksttypar og tekstbindingsmekanismar
  • har kunnskap om kva utfordringar innlærarar kan møte når dei bruker andrespråket munnleg eller skriftleg

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere munnleg og skriftleg tekst i kontekst
  • kan analysere tekstoppbygging i innlærartekstar
  • kan framstille og reflektere over utfordringar knytt til pragmatikk og tekstlingvistikk i ein norsk som andrespråk-kontekst

Generell kompetanse

Studenten

  • har ein teoretisk og praktisk kunnskapsbasis om pragmatikk og tekstlingvistikk i eit andrespråksperspektiv og kan reflektere over og bruke denne kunnskapen i ein andrespråksdidaktisk samanheng

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Norskferdigheiter tilsvarande C1-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Emnet har delvis overlapp med NORAN106 (10 studiepoeng) og NORAN115 (7,5 studiepoeng).
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstype og -mengd:

Undervisninga har form av førelesingar med innslag av seminar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei øvingsoppgåve på om lag 1500 ord. Øvingsoppgåva skal skrivast på nynorsk.
Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på 6 timar. Eksamen skal skrivast på bokmål eller nynorsk.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.

Karakterskala
Karakterskala A - F
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Pensumtekstane kan vere på norsk, dansk, svensk og engelsk. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Programansvarlig
Programstyret for nordisk.
Emneansvarlig
Programstyret for nordisk.
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.