Særemne i norsk som andrespråk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Det tematiske innhaldet på emnet vert definert av studenten sjølv, i samråd med ein faglærar. Det kan føre vidare eit tema som er introdusert i andre delar av studiet, eller det kan ta opp ein annan deldisiplin knytt til norsk som andrespråk ev. av tverrfagleg art. Det er ein føresetnad at litteraturen er på eit plan som passar for 300-nivået. Det er ein fordel, men ingen føresetnad, at studiet vert knytt opp mot eit fagleg seminar, ei forskargruppe eller liknande. Det er studenten sjølv som har ansvaret for å sette seg i kontakt med ein faglærar, for å finne eigna pensumlitteratur og for å etablere eigna praktiske rammer for gjennomføringa av studiet.

Pensumet skal tilsvare om lag 1000 sider av normal vanskegrad

Læringsutbytte

Studenten har spesialisert innsikt i og forståing av det aktuelle feltet innanfor norsk som andrespråk.

Studenten kan nytte kunnskapar og dugleik til å greie ut om, analysere og drøfte aktuell empiri, metode og teori.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Anten NORAN101, NORAN101-F, NOSPAN101 , NORAN104, NORAN204-L, NORAN104-F eller tilsvarande.
Anbefalte forkunnskaper
NORAN250 eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.
Arbeids- og undervisningsformer
Dette er i utgangspunktet eit sjølvstudium. Inntil seks timars rettleiing. Student og faglærar undersøkjer om det er mogleg å knyte studiet til forskingsseminar, kurs e.l. lokalt eller andre stader som vil betre læingsutbytet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å utarbeide pensumliste i samråd med faglærar til fastsett frist; 1.oktober i haustsemesteret og 1.mars i vårsemesteret.

Studenten skal også levere inn eit refleksjonsnotat på om lag 1000 ord til frist sett av faglærar. Både pensumliste og refleksjonsnotat må vere godkjent av faglærar for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Skuleeksamen på 6 timar. Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val.

Ved fastsettinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste

Studenten utarbeider pensumet i samråd med faglærar.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarlig
Programstyret for nordisk
Emneansvarlig
Fagmiljøet i norsk som andrespråk
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium