Språkkunnskap for erfaringsbasert master i undervisning

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking.

Innhald:

Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Innhaldet vil vere av relevans for læraryrket.

Tema vår 2025:

Ord, individ og samfunn

I dette undervisningsemnet nærmar vi oss ord frå ei rekkje ulike innfallsvinklar:

  • leksikografisk innfallsvinkel: ordbetydning og ordgrammatikk i ordbøker
  • semantisk innfallsvinkel: om språkleg kategorisering og ordforståing
  • grammatisk innfallsvinkel: om avleiing og samansetting
  • historisk innfallsvinkel: ordimport og innovasjonar i orddanning
  • andrespråkleg innfallsvinkel: om ordlæring og ordbruk
  • didaktisk innfallsvinkel: undervisning om (ord-)grammatikk

Emnet gir såleis eit godt utgangspunkt for vidare arbeid med ord, enten ein er interessert i ordbøker, semantikk, grammatikk, språkhistorie, andrespråk eller didaktikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
  • har god kunnskap om teoriar og metodar på feltet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskapen frå feltet i sjølvstendige språklege undersøkingar av avgrensa omfang
  • kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
  • kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
  • skriv norsk korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
  • kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg
  • kan tileigne seg ny kunnskap på avansert fagleg nivå

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vår, andre semester av Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk.

Undervisningsstad

Bergen, Internett
Krav til forkunnskapar
-
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Opptak til masterstudiet i erfaringsbasert undervisning med fordjuping i norsk ved Det humanistiske fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er konsentrert til samlingar på to dagar og kombinerer førelesingar med seminar.

Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte til samlingane er obligatorisk.

Det er obligatorisk å presentere ein del av pensumet i undervisninga. To eller tre studentar skal arbeide saman, og kvar presentasjon skal samla vere på maksimalt 20 minutt.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein heimeeksamen på 6 timar.

Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.

Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.

Emneevaluering
Emnet blir evaluert kvar gong.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for nordisk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Humanistisk fakultet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.