Nordisk språk 1: Moderne språk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- NORSK622
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og ev. dansk og svensk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet har tre hovudtema: grammatikk, språkbruk og andrespråkslæring.
Desse temaa blir studerte med eit dobbelt siktemål. På den eine sida skal studenten utvikle eigen kunnskap og innsikt på det språkvitskaplege området.
På den andre sida skal studenten utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for språklæringa til elevane.
Sentrale fagdidaktiske moment i studiet som heilskap er kjennskap til læreplanar, kompetansemål, undervisning i grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering av læringsutbytte, bruk av digitale verktøy i undervisninga og refleksjon omkring eigen læringsprosess og eigen undervisningspraksis.
Læringsutbytte
Ein student som har gjennomført emnet, skal ha dette læringsutbytet:
Kunnskap: Kandidaten
- har god kunnskap om norsk grammatikk (korleis ord og setningar er bygde opp)
- har god kunnskap om den språklege oppbygginga av tekstar (både innhald og form)
- har god kunnskap om norsk som andrespråk (innlærarspråk og andrespråkslæring)
- har god kunnskap om læreplanane for norskfaget, med vekt på kompetansemål som rører ved språkstruktur, tekststruktur og språklæring
- har god innsikt i korleis språklege læringsprosessar kan fremjast i opplæringa, både fagspesifikt og i utviklinga av grunnleggande ferdigheiter
Dugleik: Kandidaten
- kan bruke kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigne analysar, drøftingar og vurderingar av språkleg materiale
- kan bruke kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigen yrkespraksis
- kan reflektere over innhaldet i faget, og drøfte tilhøvet mellom lærings- og undervisningsmåtar i norsk språk, også knytt til eigen yrkespraksis
- kan skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt
Generell kompetanse: Kandidaten
- har innsikt i norsk språk som forskingsfag og undervisningsemne og tilhøvet mellom dei
- har innsikt i grammatikk, tekststruktur og andrespråkslæring frå eit danningsperspektiv
- har innsikt i norskfaget si rolle i skulen og samfunnet
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga kan bestå av fysiske samlingar og/eller nettbasert undervisning.
Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Levering av to individuelle oppgåver innan fastsette fristar.
Begge målformer skal vere representerte i oppgåvene.
Faglærar godkjenner dei obligatoriske oppgåvene. Obligatoriske oppgåver må vere godkjend for at studenten skal få ta eksamen.
Godkjenning av obligatorisk oppgåver er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Heimeeksamen 7 dagar.
Målform nynorsk.
I samsvar med nasjonale retningslinjer blir det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.