Nordisk: Språkleg fordjupingsemne A
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- NOSP216
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, ev. dansk og svensk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på grunn-nivået.
Innhald:
Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode.
Tema våren 2025: Språk og overtaling
I dette emnet skal vi ta for oss tekstanalyse med vekt på ulike former for overtaling og argumentasjon. Vi skal undersøkje ulike språklege verkemiddel for å framstilla personar, handlingar og saksforhold på visse måtar, og vi skal analysera argumentasjon ved hjelp av ulike modellar.
Det er to grunnbøker i emnet. Den eine er skriven av Machin og Mayr og heiter «How to do critical discourse analysis». Her får ein ei innføring i kritisk diskursanalyse, som er eit rammeverk for å undersøkje tekstar med tanke på kva dei eigentleg formidlar, og korleis denne formidlinga skjer. Den andre er skriven av Jørgensen og Onsberg og heiter «Praktisk argumentation». Her får ein ei innføring i retorisk argumentasjon, som er eit rammeverk for å analysere, kritisere og sjølv produsere argumenterande tekstar.
På pensumlista har vi elles ein del oversiktstekstar pluss tekstar som omhandlar konkrete undersøkingar av ulike språklege verkemiddel i alt frå partileiardebattar, legemiddelreklame, krimjournalistikk, osv.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har solid kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
- har kunnskap om teoriar og metodar på feltet
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke kunnskapen frå feltet i språklege undersøkingar av avgrensa omfang
- kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
- kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
- skriv norsk korrekt og godt
Generell kompetanse
Studenten
- kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
- kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg
- kan tileigne seg ny kunnskap på høgt fagleg nivå
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar. Undervisninga kan gå gjennom semesteret eller vere samlingsbasert.
Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Den emneansvarlege avgjer forma på den obligatoriske aktiviteten, som kan vere
- enten ei skriftleg oppgåve over oppgitt emne på ca. 1000 ord. Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val. Den emneansvarlege fastset fristen.
- eller eit munnleg innlegg på ca. 15 minutt over oppgitt emne i ei undervisningsøkt. Den emneansvarlege fastset tidspunktet.
Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
På emnet nyttar ein skriftleg eksamen på seks timar.
Oppgåva blir gitt med det som føresetnad at studentane har delteke på undervisninga.
Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Litteraturlista vil vere klare innan 1. desember.
Den emneansvarlege fastset pensumet.