Nordisk: Språkleg fordjupingsemne med BA-oppgåve
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- NOSP256-L
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, ev. dansk og svensk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på grunn-nivået.
Innhald:
Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode.
Tema våren 2026: Fordypning i dialektkunnskap
På dette kurset bygger vi videre på NOSP105, både i dybden og i bredden. Vi diskuterer hvorfor det er vanlig å dele det norske dialektlandskapet inn i fire områder, og om det kunne vært gjort annerledes. Sentralt i studiet av dialekter er forandring, og vi skal både se på generelle tendenser i enkelte landsdeler, og på enkelte språktrekk, som den såkalte østfold-l i Oslo og ord som park uttalt som pask noen steder i Nord-Norge. Byer som Kristiansand og Egersund får litt ekstra oppmerksomhet – er det helt slutt med å si rude for rute i den sørlige landsdelen? Sist, men ikke minst tar vi dubbe-debatten: hvordan brukes den dialektale variasjonen (og variasjonen mellom dialekt og standard) av dubbe-byråene? Og bør teaterstykker være språklige kameloner som tilpasses publikums dialekt?
Kurset inneholder, i tillegg til forelesninger, metodeopplæring. Studentene får selv øve på å lage spørreskjema og å gjennomføre sosiolingvistiske intervjuer. For dem som skal skrive bacheloroppgave i tilknytning til kurset, blir det egen metodeundervisning om hvordan man skriver om dialekter.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har solid kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
- har kunnskap om teoriar og metodar på feltet
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke kunnskapen frå feltet i språklege undersøkingar av avgrensa omfang
- kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
- kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
- skriv norsk korrekt og godt
Generell kompetanse
Studenten
- kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
- kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg
- kan tileigne seg ny kunnskap på høgt fagleg nivå
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar.
Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.
Studentar på utanlandsopphald får nettbasert oppfølging.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere utkast til bacheloroppgåva to gonger til fastsette fristar. Det første utkastet må vere på minst 500 ord og det andre på minst 2000 ord. Utkasta må ikkje vere lengre enn 4000 ord.
Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgende semesteret.
Vurderingsformer
På emnet nyttar ein rettleidd bacheloroppgåve og munnleg eksamen.
Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid av avgrensa omfang. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på inntil 4000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Munnleg eksamen tek for seg den delen av pensum som studenten ikkje har skrive bacheloroppgåve om.
Det vert sett separate karakterar på bacheloroppgåva og den munnlege eksamenen. Ved utrekning av samla karakter tel bacheloroppgåva 60% og den munnlege eksamenen 40%. Kandidatane må greie begge eksamensdelane i same semester.
Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val.
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på om lag 650 sider av normal vanskegrad.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.
Den emneansvarlege fastset pensumet.