Nordisk: Språkleg fordjupingsemne B med BA-oppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på grunn-nivået.

Innhald:

Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode.

Tema hausten 2024: Språket som reiskap for tanken

Tenking og språk er intimt knytte til kvarandre. I november 2023 kunne ein lese nyheiter som var formulerte omtrent slik:

"Prisveksten i Norge har løpt løpsk det siste året. Rykende ferske tall fra Statistisk sentralbyrå viser en inflasjon på nesten sju prosent."

Prisar på varer og tenester er noko som rører ved alle menneske i eit moderne samfunn. Men nasjonaløkonomi er noko svært abstrakt som vi treng økonomar og statistikarar for å forstå. Språkbruken i sitatet er heilt alminneleg. Men han er proppa med biletlege uttrykk: Prisane "veks" (men kor store er dei?). Veksten "løper løpsk" (som ein hest?). Dei presenterte tala er ferske, og det ryk av dei (som av nybakt brød?). Dei som kan litt latin eller etymologi, veit at "inflasjon" opphavleg betyr 'oppblåsing'. Så økonomien framstår som ein ballong, og vi veit kva som kan skje med ballongar som blir for oppblåsne.

Ei viktig innsikt frå moderne språkvitskap er at biletleg språk slett ikkje berre er lyrisk pynt, men avspeglar korleis vi menneske tenkjer.

I "Språket som reiskap for tanken" studerer vi korleis vi menneske brukar språket til å gripe verda rundt oss, frå vår eigen konkrete kropp og menneskelege aktivitetar til abstraksjonar som inflasjon og energi. Den teoretiske innfallsvinkelen vår er kalla kognitiv språkvitskap. Ordet "kognitiv" står for det som gjeld sansing, kjensler og tankar, og denne lingvistiske skuleretninga utforskar nettopp forholdet mellom tenking og språk. Korleis kan vi forstå språklege strukturar som produkt av menneskeleg tenking? Og korleis verkar språket tilbake på tankane våre?

Vi undersøkjer korleis språket er prega av menneskekroppen og dagleglivet. Vi fordjupar oss i biletleg språk, med fokus på metaforikk og metonymi, som gjennomsyrer både allmennspråk og fagspråk.

Vi brukar tre bøker: (a) semantikkdelen av ei brei innføring i den kognitive språkvitskapen, (b) ei bok om metaforikk og (c) ei bok om metonymi. Dessutan ser vi på sentrale delar av to masteroppgåver i nordisk språk, éi korpusbasert og éi diskursbasert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har solid kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
  • har kunnskap om teoriar og metodar på feltet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskapen frå feltet i språklege undersøkingar av avgrensa omfang
  • kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
  • kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
  • skriv norsk korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
  • kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg
  • kan tileigne seg ny kunnskap på høgt fagleg nivå

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Minst 25 studiepoeng nordisk språk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar.

Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.

Undervisninga blir gitt slik at ho tek omsyn til langpraksisen i lektorutdanninga.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til bacheloroppgåva to gonger til fastsette fristar. Det første utkastet må vere på minst 500 ord og det andre på minst 2000 ord. Utkasta må ikkje vere lengre enn 5000 ord.

Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein bacheloroppgåve og munnleg eksamen.

Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid av avgrensa omfang. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Munnleg eksamen tek for seg den delen av pensum som studenten ikkje har skrive bacheloroppgåve om.

Det vert sett separate karakterar på bacheloroppgåva og munnleg eksamen. Ved utrekning av samla karakter tel bacheloroppgåva 60 % og munnleg eksamen 40 %. Kandidatane må greie begge eksamensdelane i same semester.

Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klare innan 1. juli.

Den emneansvarlege fastset pensumet.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel på munnleg eksamen.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium