Nordisk: Språkleg masteremne B
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- NOSP313
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og ev. dansk og svensk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.
Innhald:
Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode.
Hausten 2026: Grammatikk- og tekstforsking
På dette emnet skal vi utforske korleis ein kan bruke empiriske metodar i språkforsking for å vinne ny kunnskap, særleg om grammatikk, men òg om tekst. For dei som har interesse i desse retningane, kan emnet vere ei fin førebuing til seinare arbeid med masteroppgåva.
Vi har to grunnbøker. Den eine er ei innføring i korpuslingvistikk, altså språkforsking der ein brukar store elektroniske tekstsamlingar. Den andre er ei samling av artiklar som problematiserer ulike tematikkar i og rundt grammatikk. I tillegg les vi nokre forskingsartiklar om korpusbaserte undersøkingar.
Artikkelsamlinga er meint som idékjelde til forskingsprosjekt, og den obligatoriske aktiviteten vil bestå i at du presenterer eit kapittel derifrå og skisserer ein måte å utforske den aktuelle tematikken på. Tanken er at dette eventuelt kan vidareførast som eit velavgrensa prosjekt som du skriv semesteroppgåve om. Korpuslingvistikkboka inneheld ei rekkje innføringar i statistiske metodar, og det er naturleg at du brukar éin av metodane i oppgåva di. Men du treng ikkje å vere spesielt statistikkinteressert for å ta dette emnet; det blir ingen statistikk på munnleg eksamen. Du må først og fremst vere nysgjerrig etter å finne ut noko om språk som du ikkje visste frå før.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har avansert kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
- har god kunnskap om teoriar og metodar på feltet
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke kunnskapen frå feltet i sjølvstendige språklege undersøkingar av avgrensa omfang
- kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
- kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
- skriv norsk korrekt og godt
Generell kompetanse
Studenten
- kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
- kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg kan tileigne seg ny kunnskap på avansert fagleg nivå
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar.
Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.
Undervisninga blir gitt slik at ho tek omsyn til langpraksisen i lektorutdanninga.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva til fastsett frist. Utkastet må vere på minst 1000 ord.
Den emneansvarlege avgjer forma på den obligatoriske aktiviteten, som kan vere
- enten ei skriftleg oppgåve over oppgitt emne på ca. 1000 ord. Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val. Den emneansvarlege fastset fristen.
- eller eit munnleg innlegg på ca. 15 minutt over oppgitt emne i ei undervisningsøkt. Den emneansvarlege fastset tidspunktet.
Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
På emnet nyttar ein rettleidd semesteroppgåve og munnleg eksamen.
Semesteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid av avgrensa omfang.
Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 6000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Munnleg eksamen tek for seg den delen av pensum som studenten ikkje skriv semesteroppgåve om.
Det vert sett separate karakterar på semesteroppgåva og munnleg eksamen. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og munnleg eksamen 40 %. Kandidatane må greie begge eksamensdelane i same semester.
Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val.
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli. Den emneansvarlege fastset pensumet.