Masteroppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Integrert masteroppgåve består av 3 delar:

Del 1: MEDSTA 5 studiepoeng: "Medisinsk statistikk" (MEDOD2">sjå eige skildring av medisinsk statistikk 1. studieår)

Del 2: OD3MAST 3 studiepoeng: "Plan for masteroppgåve". (OD3MAST">Sjå eige skildring for emnet)

Del 3: OD5MAST 12 studiepoeng: "Masteroppgåve" (inkludert oppstartsseminar, bibliotekkurs, skrivekurs, presentasjon av framdrift 4. år (8. semester) og seminar med presentasjon av oppgåva 5. år (10. semester))

Masteroppgåva for den integrerte mastergraden vil generelt bli skriven basert på ei litteraturoversikt, eit laboratorieprosjekt, eit klinisk kasus, eit klinisk arbeid eller eit klinisk forsøk. Det må gå fram (dette blir ofte gjort i samband med eller basert på OD3MAST) om prosjektet trenger etisk godkjenning frå etisk komité (REK). Om prosjektet inneheld persondata, skal dette bli registrert i RETTE ved UiB.

Oppgåva vil vanlegvis vere eit sjølvstendig akademisk arbeid som inneheld ein introduksjon (ein bakgrunn), metode for innsamling av data, resultat og ein diskusjon (IMRaD-struktur). Den må attpåtil innehalde korrekte og relevante referansar til faglitteratur innan det aktuelle fagfeltet oppgåva har blitt skriven. 

Læringsutbytte

Studenten har, etter innlevert og godkjent oppgåve, følgjande utbytte for læring: 

Kunnskap:

Etter kurset forstår studenten den vitskaplege prosessen som leiar fram til eit akademisk arbeid (ei masteroppgåve). Studenten demonstrerer forståing for korleis eit prosjekt blir initiert og blir sett opp for å koma fram til ny kunnskap.

Ferdigheiter: 

Studenten har dei naudsynte ferdigheitene, basert på ein idé (formulert f.eks i OD3MAST) som skal til for å kunne setje opp ein plan/skisse for eit forskingsprosjekt. Studenten forstår og har evne til å gjennomføre alle delar av eit prosjekt som leiar fram til ei fullført masteroppgåve.

Generell kompetanse:

Studenten forstår korleis eit forskingsprosjekt blir initiert og korleis dette leiar fram til eit ferdig arbeid (ei masteroppgåve)

Studiepoeng, omfang

12 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet startar i vårsemesteret (8. semester av Integrert master i odontologi) og sluttar påfølgjande vår (10. semester).
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
OD3PROSJ - 9 studiepoeng
Krav til studierett
Integrert masterprogram i odontologi
Arbeids- og undervisningsformer
  • Oppstartsseminar, akademisk veke, bibliotekkurs og skrivekurs.
  • Det skrivast ein rettleiingskontrakt mellom student(ar) og rettleiar.
  • Hovuddelen av undervisinga vil vere i form av rettleiing frå rettleiar.
  • Omfang av rettleiing i kurset OD5MAST vil typisk vere avgrensa oppover til 10 timar med rettleiing. Rettleiing kan vere fysiske eller via digitale møte, og dessutan gjennom svar/tilbakemelding via e-post. Omfanget av rettleiing gjeld for 1 oppgåve uavhengig av talet på studentar på oppgåva.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Åttande semester: Presentasjon av framdrift på oppgåva i akademisk veke. 
Vurderingsformer
Vurdering av innlevert oppgåve. Presentasjon av oppgåva inngår som eit ledd i vurderinga og før endeleg sensur blir publisert. 
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Emnet har som oppgåveemne ikkje eit definert pensum, og nyttar difor ikkje litteraturliste.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert kvart tredje år, jamføre Universitetet i Bergen sitt system for kvalitet i utdanningane.
Hjelpemiddel til eksamen

Tillate bruk av kunstig intelligens (KI) for for masteroppgåva, presentasjon av framdriftsrapport og presentasjon av masteroppgåva, i samsvar med Det medisinske fakultet sin rettleiar: Bruk av kunstig intelligens (KI) ved Det medisinske fakultet | Det medisinske fakultet :  

NIVÅ A til og med NIVÅ C

Bruk av KI må bli oppgitt i eigenfråsegn til slutt i oppgåva, før referanselista. Dersom det blir oppdaga bruk av KI som ikkje er i samsvar med nivåene som er sett, er det å rekne som bruk av ulovlege hjelpemiddel og blir rekna som fusk.

Oppgåva vil bli kontrollert for plagiat.

Programansvarlig
Programutval for odontologiske fag
Emneansvarlig
Professor Stein Atle Lie
Administrativt ansvarlig
Institutt for klinisk odontologi