Fordjuping og prosjektplan
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- PED324
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Siktemålet med emnet er å forberede studentane til det praktiske og teoretiske arbeidet med masteroppgåva. I emnet skal studentane velje eit tematisk område som dei skal fordjupe seg i og gjennomføre masterprosjektet innanfor. Emnet sine tematiske fordjupingsområder tar utgangspunkt i forskingskompetansen ved Institutt for pedagogikk. Gjennom litteraturstudiar, fag- og skriveseminar skal studentane utvikle ein prosjektplan som skal være utgangspunktet for masteroppgåva.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten...
- har god kunnskap om kva som kjenneteiknar det valde tematiske området
- har god kunnskap om perspektiv og teoriar med særleg relevans for det valde tematiske området
- har god kunnskap om perspektiv og teoriar som er relevante for eigen prosjektplan
- har god sjangerspesifikk kunnskap om utforming av prosjektplan
Ferdigheiter
Studenten...
- kan analysere eksisterande teoriar, metodar, forskingsresultat og fortolkingar innan det valde tematiske området
- kan utvikle relevante pedagogiske forskingsspørsmål med utgangspunkt i kunnskap om det valde tematiske området
- kan anvende faglig og sjangerspesifikk kunnskap på sjølvstendig vis
- kan formidle skriftleg frå og om det valde tematiske området
- kan utvikle og skrive ein prosjektplan innan fordjupingsområdet som legg grunnlaget for arbeidet med masteroppgåva
Generell kompetanse
Studenten...
- kan bruke og forhalda seg kritisk til ulike faglege informasjonskjelder
- kan formidle sjølvstendig arbeid og beherske fagområdet sine uttrykksformer
- kan finne, samanfatte og presentere fagleg kunnskap
Fulltid/deltid
Deltid
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår, annakvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om avgrensa undervising i det påfølgande haustsemesteret.
Undervisningssted
Studiet er nettbasert, men det kan bli arrangert ei samling i Bergen i starten av semesteret.
Krav til forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogram i pedagogikk deltid (nettbasert)
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet nyttar digitale introduksjonsførelesingar, litteraturstudiar, rettleiing, teksttilbakemelding og digitale seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske arbeidskrav i emnet er:
- Skriftleg presentasjon med relevans for det valde tematiske området
- Skriftleg tilbakemelding på medstudent sin skriftlege presentasjon
- Levere utkast til prosjektplan til rettleiing
Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne ta eksamen i emnet
Vurderingsformer
Eksamen er ein prosjektplan for masteroppgåva som gjev eit oversiktleg og realistisk inntrykk av det planlagde arbeidet.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår, annakvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om vurdering i det påfølgande haustsemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Det blir forventa at studentane gjer seg kjent med ulike søkeportalar, for å finne relevant litteratur som supplerer litteraturlista innan det valde tematiske området.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Institutt for pedagogikk
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet