Mentorutdanning - Rettleiing av nye lærarar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Utdanninga tek sikte på auke medvitet om kva rettleiing har å seie i skulen. Vidare vil studiet gje mentoromgrepet innhald og etablere innsikt og forståing for nyutdanna sine vilkår og utfordringar i skulen. Studiet vil setje fokus på nye lærarar sin verdi for skulen og gje kunnskap om og forståing for læraren sin profesjonelle utvikling og skulen som lærande organisasjon.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om rettleiing som verkemiddel i skulen
  • har kunnskap om nye og erfarne lærarar si profesjonelle utvikling og om skulen som lærande organisasjon både nasjonalt og internasjonalt
  • har kunnskap om korleis ein kan legge til rette for profesjonell utvikling
  • har kunnskap om ulike verktøy i profesjonell utvikling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre eit aksjonsforskingsprosjekt
  • kan legge til rette for overgangen frå utdanning til yrke
  • kan reflektere over og utvikle eigen rettleiingspraksis

Generell kompetanse

Studenten

  • knyter saman teoretiske og praktiske aspekt ved rettleiing
  • møter den som blir rettleidd med empati og openheit og er støttande i refleksjonsprosessar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
  • Lærarutdanning
  • Minimum tre års yrkeserfaring som lærar i skulen
Krav til studierett
Emnet er ope for de som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er lagt opp som eit deltidsstudium over to semester og er organisert gjennom 8 dagsamlingar ved UiB, 4 kvart semester. Samlingane er ein kombinasjon av forelesingar, diskusjonar som tar utgangspunkt i deltakarane sin eigen rettleiingspraksis og andre studentaktive arbeidsmåtar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande aktivitetar er obligatoriske:

  • delta førebudd på minst 6 av 8 samlingar
  • planlegge, gjennomføre og gje ein munnleg presentasjon av forsking på eigen klasseromspraksis
  • planlegge og gje ein munnleg presentasjon av eit formalisert introduksjonsprogram for ein ny kollega
  • skrive minst to tekstar undervegs i aksjonsforskingsprosessen
  • gje digital tilbakemelding til to medstudentar på ein av tekstane.
  • gje munnleg og skriftlig tilbakemelding på tekstseminar til to medstudentar
Vurderingsformer
Aksjonsforskingsoppgåve på 5000 ord. +/- 10 %
Karakterskala
Skriftleg eksamen blir vurdert med graderte karakterar frå A-F.
Litteraturliste
Pensum er på ca. 1000 sider, der 600 sider er obligatorisk og 400 sider er valfritt knytt til aksjonsforskingsoppgåva.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.