Innføring i kriminalomsorg som læringsarena
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Autumn, Spring
- Emnekode
- PED645
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter oggenerell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har kunnskapar om empiriske funn og teoriar knytte til ...
- årsaker til kriminalitet i eit historisk- og dagsaktuelt perspektiv- retten til utdanning frå eit straffegjennomføringsperspektiv- variasjonen i behov hos populasjonen innsette, med tanke på kjønn og etnisk og nasjonal tilknyting
- lærevanskar hos menneske som sonar straff
- forhold som hindrar og styrkjer motivasjon og læring hos dei som gjennomfører straff
- forhold som medverkar til vellukka tilbakeføring til samfunnet og hjelpeapparatet sine roller
- utdanning som ein del av det kriminalitetsførebyggjande arbeidet
Ferdigheiter
Studenten kan ..
- setja seg inn i faglitteratur på ein slik måte at han/ho skjønar kva som skil forskingsbasert kunnskap frå anna kunnskap
- drøfta sentrale modellar og prinsipp for reduksjon av kriminalitet
- greia ut om kriminalomsorg og skule sine roller under straffegjennomføringa, historisk og i notid
- greia ut om korleis lærarar og tilsette i kriminalomsorga kan motivera dei som sonar til å ta utdanning
- forklara korleis lærevanskar medverkar til utvikling av kriminalitet
- bruka det han/ho har lært i drøftingar om det som høyrer til kvardagslivet under straffegjennomføring
Generell kompetanse
Studenten kan ...
- analysera korleis ulike forhold i individet og i miljøet saman medverkar til å utvikla kriminalitet
- ha innsikt i dei som sonar sin rett til utdanning i lys av både internasjonal rett og nasjonalt lovverk
- skjøna korleis etnisk og nasjonalt mangfald blant dei som gjennomfører straff krev ulik tilnærming til utdanning
- skjøna og ha respekt for rolla til ulike profesjonar sitt arbeid i fengsel og skjøna dilemma som kan oppstå i samarbeid mellom profesjonane
- analysera mangfaldet av forhold som fremjar eller hindrar læring og tilbakeføring til samfunnet etter straffegjennomføring
- lesa faglitteratur på ein kritisk måte og formidle faginnhaldet i denne litteraturen til andre
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For å kunne melde seg opp til eksamen i emnet må man ha generell studiekompetanse eller oppfylle krava til realkompetanse (GSK). Ut over dette er det ingen særskilte krav til forkunnskapar.
Søkarar over 25 år som søkjer opptak til vidareutdanning, vert tatt opp på grunnlag av generell studiekompetanse eller realkompetanse, som ikkje må dokumenterast.
Det er ein føremon, men ikkje eit krav, at søkjar har erfaring innan kriminalomsorg, skule- og opplæring, barnevern eller sosialfagleg arbeid.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Innlevering av tekst på 2 sider.
- Svar skriftleg 3-5 sider på ein problemstilling som gjeld eigen institusjon (fengsel).
Begge arbeidskrav må være godkjente for å gå opp til eksamen.