Innføring i astrofysikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- PHYS109
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål
Emnet har som mål å gi studentane ei brei innføring i grunnleggjande astrofysikk. Emnet skal formidle korleis fysikkens grunnleggjande lover kan nyttast til å forstå og forklare observasjonar av prosessar og fenomen i stjerner, planetar, galaksar og interstellar materie.
Innhald
Emnet gir ei innføring i generell astrofysikk med spesiell vekt på dei fysiske prosessane som ligg til grunn. Eksempel på tema som vert behandla er: Astrofysiske observasjonar, oppbyggjinga og utstrålinga til sola, planetane og deira atmosfære, månar samt planetære energibudsjett, stjernene sitt liv frå fødsel til supernovaeksplosjonar, Melkevegen, interstellar materie, galaksar og kosmologi.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om sentrale tema i astrofysikk
- kjenner til utvalde observasjonsmetodar innan astrofysikk
- har forståing for sentrale prosessar i stjerner, andre himmellekamar og materie i rommet
Ferdigheiter
Studenten
- kan anvende faglig kunnskap i grunnleggjande fysikk og matematikk på enkle problemstillingar og bruke fagleg argumentasjon
- kan gjere greie for relevante faglege metodar og uttrykksform og kan diskutere sentrale teoriar, problemstillingar og løysingar med andre studentar
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, gjennomføre ei litteraturstudium av eit valt tema og skrive ein rapport om temaet
Generell kompetanse
Studenten
- har generell kunnskap om den faglege koplinga mellom grunnleggjande fysikk og sentrale tema i astrofysikk
- kan gjere greie for utvalde problemstillingar innan astrofysikk
- kan praktisere grunnleggjande norm for akademisk skriving
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjend prosjektrapport
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i tre påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Skriftleg eksamen (4 timar), utgjør 100% av karakteren.
Grunna tiltaka mot spreiing av Covid-19 er UiB stengd for gjennomføring av campus-eksamen. Hausten 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:
- Skriftleg eksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F
Grunna tiltaka mot spreiing av Covid-19 er UiB stengd for gjennomføring av campus-eksamen. Hausten 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:
- Karakterskala bestått/ikkje bestått i staden for A-F