Eksperimentelle metodar i romfysikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål: Emnet skal

  • gje studentane innsikt i dei fysiske prinsippa for måling av ulike parametrar som blir brukt til å studere fenomen og prosessar i det nære verdsrommet.
  • gje studentane trening i å tolke relevante målingar frå bakken og frå romsondar for å kunne beskrive signaturane til eit nordlysutbrot eller ein geomagnetisk storm.

Innhald: Emnet behandlar diverse eksperimentelle metodar og instrument i romfysikk, mellom anna instrumentberarar, satellittmekanikk, strålingsdetektorar, måling av magnetfelt på bakken og i rommet, radiometodar og optiske målingar. Emnet gir innsikt i instrumentering og tolking av målingar i romfysikk.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har oversikt over fysiske parametrar som beskriv fenomen og prosessar i sol-jord systemet
  • har inngåande kunnskap om prinsipp for måling av utvalte parametrar i rommet, ionosfæren og på bakken
  • kan vurdere fordelar og avgrensingar ved utvalde eksperimentelle metodar i romfysikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan hente og systematisere sanntidsmålingar frå romsondar og bakkeobservatorium under eit nordlysutbrot eller ein geomagnetisk storm
  • kan tolke dei innsamla målingane

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide i ei gruppe med analyse av samtidige målingar frå fleire romfysikkeksperiment
  • kan praktisere norm for akademisk skriving av ein forskingsrapport

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust, undervisning kan bli avlyst ved lavt studenttal

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

FYS252

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesninger

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent prosjektrapport.

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 5 påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Muntleg eksamen, utgjør 100% av karakteren.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01. juli for haustsemesteret og 01. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet emnet inngår i.