Forskningspraksis i fysikk ved CERN
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- PHYS298
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Studenten får praktisk erfaring med forsking som prosess og arbeidsmetode i eit internasjonalt forskingsmiljø. Studenten vil planlegge, gjennomføre og formidle sitt eige arbeid. Studenten utviklar ei betre forståing av forskingas eigenart og bidrag i samfunnet.
Innhald:
Studenten vil som teknisk student ved CERN gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt som varer frå 6 til 12 månader. Studenten er integrert i ei forskingsgruppe på CERN, og prosjektet blir gjennomført under fagleg rettleiing. Temaet blir valt i samråd med fagleg rettleiar på CERN, og ein forstudierapport skal bli levert tidleg i prosjektet. Studenten skal gjennomføre ein midtvegspresentasjon for fagleg ansvarleg ved UiB. Det skal skrivast ein prosjektrapport på vitskapeleg form, og problemstilling og resultat skal formidlast på ein sluttpresentasjon etter at opphaldet på CERN er gjennomført.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskapar om forskingsetiske normer, retningslinjer og god praksis i fagfeltet
- kan setje seg grundig inn i ei ny problemstilling i fysikk og nødvendige arbeidsmetodar
- kan forklare prinsippa bak og formålet med dei forskingsaktivitetane som inngår i prosjektet
- kan plassere eigne data og funn i ein fagleg kontekst
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og rapportere resultat frå ei forskingsoppgåve i tråd med fagets standardar
- kan finne, samanfatte og bruke faglitteratur som er relevant for prosjektet
- kan forklare og begrunne korleis resultata i prosjektoppgåva kan tolkast og vurderast
- kan vurdere eigne resultat opp mot ny kunnskap i fagfeltet
- har erfaring med metodar og praksis i eit internasjonalt forskingssamarbeid
Generell kompetanse
Studenten
- utviklar fagleg identitet, rolleforståing og forståing for forskingas eigenart og bidrag i samfunnet
- kan samarbeide med andre i eit forskingsfellesskap og sikre framdrift av eit definert prosjekt
- kan kommunisere eige arbeid og resultat til ulike målgrupper gjennom rapportar og presentasjonar
- kan bruke kunnskapar i fysikk til kritisk tenking og ansvarleg refleksjon
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
PHYS229 (10 studiepoeng reduksjon)
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi
www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Opptak til emnet føreset at ein er teken opp i teknisk student programmet ved CERN. Studenten er sjølv er ansvarleg for denne søknadsprosessen. Studenten må og oppfylle kvalifikasjonskrava til teknisk student programmet på CERN:
- Studenten er ein borgar av ein CERN-medlemsstat eller tilknytt medlemsstat.
- Studenten har fullført minst 18 månader av dei bachelorstudia dine ved tidspunktet for neste utveljing av studentar.
- Studenten er registrert som ein heiltidsstudent i løpet av praksisopphaldet
- Studenten har god kjennskap til engelsk eller fransk
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Godkjent prosjektmappe i skriftleg format som inneheld fylgjande:
- Ein forstudierapport
- Ein midtvegspresentasjon
- Ein prosjektrapport i vitskapleg format
- Ein munnleg presentasjon som formidlar eigne resultat
Alle elementa må være godkjent for å få karakteren bestått i emnet