FORM & Friction

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Utfyllende semesteromtale

Fokusområde: Trans-, inter- og multidisiplinære praksisar
Emneansvarlig: Ingrid Cogne

HMS: Se beskrivelse nedenfor.

PRO212/312 Form and Friction fokuserer på kombinasjonen av fleire teknikkar – ulike medium og “bruk” av språk – i konseptutvikling og realisering av eit arbeid, prosjekt eller installasjon for studentane.


PRO212/312 ønskjer å gje høve til å tenkje relasjonalitetar:

  • trans-, inter- og multidisiplinære praksisar (stoff, materiale og medium),
  • medpraksisar (lagarbeid og gjensidig støtte i medstudentmiljøet),
  • tekstlege aspekt ved eit arbeid (frå tittel til skildring til emneplan til teksten sjølv som stoff/materiale),
  • tid–rom, installasjon–komposisjon.

PRO212/312 legg til rette for tilgang til fleire HMS-økter: treverk (ein dag), gips (ein time), 3D-printing (ein dag) og lasergravering (ein dag). Påmelding er naudsynt på grunn av avgrensa tal deltakarar (maks 6 for treverk, maks 8 for gips, maks 12 for 3D-printing og lasergravering). Fordelinga vert gjort etter behov. Studentane er oppmoda til å ha gjennomført all (tillegg) HMS dei treng for praksisane sine før PRO212/312.

Mål og innhold

Dette er eit prosjektbasert emne med fokus på kryssingar mellom fysisk form og tidsbasert oppleving, der ein undersøkjer måtar form materialiserer seg og korleis tid kan opplevast og formast.

PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.

Læringsutbytte

Kunnskap:

  • Utvikle bevisstheit om relevante kjelder og praksisar

Ferdigheiter

  • Utforske tilnærmingar til skaping av hybrid- og tverrfaglege kunstverk
  • Forbetre og utvide dine eigne ferdigheiter og metoder gjennom prosjektutvikling.

Generell kompetanse

  • Demonstrere omsyn til forholdet mellom skaping og meining
  • Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
  • Utvikle og presentere nytt arbeid.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningssted

Campus Møllendal 61.
Krav til studierett

Opptak til Bachelorprogrammet i kunst.

Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:

  • Prosjektutvikling
  • Individuell utforsking
  • Gruppearbeid
  • Førelesingar
  • Presentasjonar
  • Gruppediskusjonar
  • Rettleiing
  • Tilvist litteratur
  • Skriveøvingar
  • Verkstadbasert instruksjon

Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.

Vurderingsformer

Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.

Vurderingskriterium:

Utforsking

Fagkunnskap

Eksperimentering

Realisering

Samarbeid og sjølvstendig arbeid

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår.
Emneevaluering
Emnet evaluerast kvar tredje semester jf UiB sitt kvalitetssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging og kvalitet på studieprogrammet.
Administrativt ansvarlig
Kunstakademiet - Institutt for samstidskunst ved Fakultet for kunst, musikk og design ved UiB.