FORM & Friction

Masteremne

Emnebeskrivelse

Utfyllende semesteromtale

Utfyllande semesteromtale for komande semester vil bli publisert så snart som råd er.

Mål og innhold

Dette er eit prosjektbasert emne med fokus på kryssingar mellom fysisk form og tidsbasert oppleving, der ein undersøkjer måtar form materialiserer seg og korleis tid kan opplevast og formast.

PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.

Læringsutbytte

Kunnskap:

  • Utvikle bevisstheit om relevante kjelder og praksisar

Ferdigheiter

  • Utforske tilnærmingar til skaping av hybrid- og tverrfaglege kunstverk
  • Identifisere, søke ut og anvende relevante ferdigheiter i eit sjølvinitiert prosjekt

Generell kompetanse

  • Demonstrere omsyn til forholdet mellom skaping og meining
  • Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
  • Anvende ny kunnskap og ferdigheiter i kunstpraksisen din
  • Løyse, realisere og presentere nytt arbeid

Fulltid/deltid

Fulltid.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningssted

Campus Møllendal 61.
Krav til studierett

Opptak til Masterprogrammet i kunst.

Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:

  • Prosjektutvikling
  • Individuell utforsking
  • Gruppearbeid
  • Førelesingar
  • Presentasjonar
  • Gruppediskusjonar
  • Rettleiing
  • Tilvist litteratur
  • Skriveøvingar
  • Verkstadbasert instruksjon

Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.

Vurderingsformer

Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.

Vurderingskriterium:

Utforsking

Fagkunnskap

Eksperimentering

Realisering

Samarbeid og sjølvstendig arbeid

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår.
Emneevaluering
Emnet evaluerast kvar tredje semester jf UiB sitt kvalitetssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet med emner.
Administrativt ansvarlig

Faculty of Fine Art, Music and Design holds the administrative responsibility for the module and studyprogram.