Exhibition Making
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- PRO315
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Utfyllende semesteromtale
Mål og innhold
Dette er eit prosjektbasert emne som dekkjer alle fokusområde, der gruppearbeid fører til skaping av ei utstilling eller ei rekkje utstillingar. Ein undersøkjer overgangen frå studio-produksjon til offentleg presentasjon. Rytmen i ei utstilling er eit sentralt fokus; korleis tar ei utstilling form og utviklar seg over tid? Alle praktiske omsyn knytt til utstillingsproduksjon blir utforska, som romplanlegging, formidling, promotering og montering.
PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.
Læringsutbytte
Kunnskap:
- Utvikle bevisstheit om ulike utstillingsformat og sentrale historiske referansar
Ferdigheiter
- Få erfaring med alle steg i utstillingsproduksjon, frå konsept til realisering
- Få praktiske ferdigheiter knytt til utstillingsdesign, formidling, produksjon og promotering
- Identifisere, søke ut og anvende relevante ferdigheiter i eit sjølvinitiert prosjekt
Generell kompetanse
- Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
- Vise omsyn til korleis meininga i eit kunstverk forheld seg til presentasjonsforma
- Delta i samarbeidsprosessar med medstudentar
- Løyse, realisere og presentere eit utstillingsbasert prosjekt
Fulltid/deltid
Fulltid.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til studierett
Opptak til Masterprogrammet i kunst.
Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:
- Prosjektutvikling
- Individuell utforsking
- Gruppearbeid
- Førelesingar
- Presentasjonar
- Gruppediskusjonar
- Rettleiing
- Tilvist litteratur
- Skriveøvingar
- Verkstadbasert instruksjon
Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.
Vurderingsformer
Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.
Vurderingskriterium:
Utforsking
Fagkunnskap
Eksperimentering
Realisering
Samarbeid og sjølvstendig arbeid