Stemningar
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- PRO318
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk og norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Utfyllende semesteromtale
Mål og innhold
Dette er eit prosjektbasert emne som utforskar kunstnariske uttrykk, affekt og/eller gest, med eit spesifikt fokus på korleis det emosjonelle, atmosfæriske og irrasjonelle blir konstruert og presentert innanfor samtidskunsten.
PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Utvikle bevisstheit om relevante kjelder og praksisar
Ferdigheiter
- Utforske tilnærmingar i skapinga av affekt, stemning, tone og atmosfære
- Identifisere, søke ut og anvende relevante ferdigheiter i eit sjølvinitiert prosjekt
Generell kompetanse
- Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
- Anvende ny kunnskap og ferdigheiter i kunstpraksisen din
- Løyse, realisere og presentere nytt arbeid
Fulltid/deltid
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Opptak til masterprogrammet i kunst.
Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:
- Prosjektutvikling
- Individuell utforsking
- Gruppearbeid
- Førelesingar
- Presentasjonar
- Gruppediskusjonar
- Rettleiing
- Tilvist litteratur
- Skriveøvingar
- Verkstadbasert instruksjon
Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.
Vurderingskriterium:
Utforsking
Fagkunnskap
Eksperimentering
Realisering
Samarbeid og sjølvstendig arbeid.